Ny og større Valtra S

Serien får 400 hk, nytt armlene, ny køyrespak og ny terminal.

Publisert

Valtra toppar S-serien med modellen S394. Bortsett frå 405 hk og 1600 Nm, er største endringa å finne der du legg høgrehanda. Armlenet blir å finne på heile S-serien, og det vil ikkje overraske om det også kjem nedover på T og N.

Les meir om nyvinningane på S-serien i artikkelen frå Valtras pressekonferanse på Sima.

8,4-liters motor

Agco-motoren har som tidlegare SCR eksosrensing og oppfyller krava i Steg 4. Her er det selvjusterende, hydrauliske ventilløftere for å redusere servicekostnaden nemner Valtra i pressemeldinga si.

Mekanisk sett er Valtra S-serie stort sett lik Massey Ferguson 8700-serie. Den trinnløse Agco-transmisjonen den samme som vi kjenner frå Fendt Vario. Men transmisjonsstyringen, eller rettere sagt kommunikasjonen mellom motor og transmisjon, fungerer annerledes på Valtra / MF enn på Fendt.

Twin Trac

Ein av dei store skilnadane på MF og Valtra er at sistnemnde leverer hytta med den vendbare førarplassen Twin Trac. Også betjeninga av traktoren er ulik, ved at MF har hatt same armlene som 6700S og 7700, mens Valtra S har hatt armlenet frå T og N-seriane. No får S-serien eit nytt armlene, og ein ny terminal.

Nytt armlene

Som du ser av bileta Bedre Gardsdrift har tatt, er armlenet dominert av ein ny køyrespak. Denne fungerer slik: Dytt fram, og traktoren akselererer framover. Dytt heilt fram, forbi ein liten motstand, og akselerasjonen er på maks, uansett kor mjuk du har stilt inn at den elles skal vere. Drar du spaken bakover, skjer det motsette. Dytt spaken til høgre, og du set cruisekontrollen. Spak til venstre opphevar cruisekontrollen. Ein snurrehjul på spaken lar deg justere farten når cruisekontrollen er innkopla. Her er også knapp for å skifte køyreretning.

Her er også knappar for å endre transmisjonstrinn, for trepunkt og to utvendige hydraulikkuttak, og to minneknappar til valfri bruk.

Til høgre for køyrespaken er joystick til frontlastar eller andre hydraulikkuttak, med ei proporsjonal tredjefunksjonsbetjening på toppen.

Vidare bakover på armlenet kjem vi til eit tastatur med totalt 24 funksjonar:

  • Transmisjon nøytral
  • motorturtalsminne ein og to
  • firhjulsdrift på/auto
  • sperre på/auto
  • trepunkt opp/ned
  • femte hydraulikkventil ut/inn
  • volum stereoanlegg opp/ned
  • neste/førre-funksjon stereoanlegg
  • lyd av
  • rotorblink
  • autostyring
  • hurtigstyring
  • arbeidslys av/på
  • sjette hydraulikkventil ut/inn

Innimellom dette tastaturet finn du fire fingerspakar til hydraulikken, og djupnejusteringa av trepunkten. Ute til høgre er betjeninga av kraftuttak framme og bak.

Heilt ny terminal

Menyen på terminalen er noko så logisk som eit roterbart bilete av traktoren. Utanpå den ligg der symbol: Motorsymbol på panseret, arbeidslyssymbol ved hyttetaket og så vidare. Trykk på ønska symbol, og du kjem inn i undermenyen med funksjonane du er på jakt etter.

Terminalen er ni tommar stor, og sit i framkant av armlenet. Enklare og meir intuitiv i bruk enn ein moderne smarttelefon, hevdar traktorprodusenten frå landet der Nokia vart laga.

Terminalen lar deg lagre innstillingane for ubegrensa mange sjåførar og reiskapar. Autostyring og isobus-reiskap kan vere fullt integrert mot terminalen. Den kan også vise bilete frå fleire kamera.

Powered by Labrador CMS