Gjengen ved Helleland Bil og Landbruk AS er klar til å gi gass med Deutz-Fahr.

Ny HCP-forhandlar i Rogaland

Frå nyttår er Helleland Bil og Landbruk AS forhandlar for HCP i Rogaland sør for Boknafjorden. Helleland var tidlegare knytt til Lantmännen Maskin.

Publisert

Selskapet vert fullverdig HCP-forhandlar med tilgang til alle produkt og alt av reservedeler, det vil seie alt som gjeld mellom anna Deutz-Fahr, Krone og Zetor.

Frå før er der ein annan forhandlar i Rogaland, nemleg Traktor og Maskin i Øvre Vats på Haugalandet. Den førre forhandlaren på denne sida av Boknafjorden, Traktor og Landbruk, vart sagt opp for ei tid sidan. HCP har difor stått utan forhandlar i eit distrikt der Deutz-Fahr har stått rimeleg sterkt.

Fire tilsette

Helleland Bil og Landbruk vert også medlem av HCP-ringen, som handterer ymse reiskap ut over det HCP sjølv har tilgang på. Arne Birkemo er dagleg leiar. Han har med seg tre andre tilsette. Som namnet tyder på, syslar firmaet også med bil, gjennom Meca-kjeden. Både bilverkstad og traktorverkstad er godkjent av Statens Vegvesen.

Etablert i 2008

Selskapet vart etablert i 2008, i eit nytt verkstadbygg. Helleland ligg langs E39, omlag 13 km inn i landet frå Egersund, heilt søraust i Rogaland. Helland Bil og Landbruk har dei seinare åra omsett for mellom åtte og ni millionar kroner årleg. Forutan verkstadanlegget, rår selskapet over to servicebilar.

Overtar all deleforsyning i Rogaland

Som konsekvens av den nye avtalen med Helleland, vert avtalen om deleleveransar til oppsagte Traktor og Landbruk avslutta. Skal du ha deler til maskiner frå HCP i Rogaland, er det altså Helleland Bil og Landbruk du skal vende deg til, alternativt Traktor og Maskin i Øvre Vats.

HCP Norge, dotterselskap av danske H. C. Petersen, er importør av Deutz-Fahr, Krone, Zetor, Iseki og andre produkt til landbruk og park. 

HCP Norge distribuerer gjennom frittståande forhandlarar, i eit nett som for tida er represenert 24 stader i landet. 

Relaterte artikler

    Powered by Labrador CMS