Pølsepakkaren for Euro Bagging vert driven framover av at graset blir stappa inn i pølseskinnet av plast.

NRK: "Kan kutte 80 prosent av landbruksplasten"

NRK omtaler ei fascinerande og fin maskin som høver seg svært godt om du skal lagre store mengder gras. Men NRK generaliserer konklusjonane sine.

Publisert

Saka gjeld pølselagring av fôr, som bønder på Jæren har gjort seg gode erfaringar med. Ved hjelp av ei maskin med matebord og innmatar blir ei pølse med skinn av kraftig plast stappa full, så graset ligg lufttett og godt komprimert. Maskina er driven av ein traktor av det vaksne slaget, og blir mata av lessevogner som gjerne har stor kapasitet og store volum for å utnytte effektiviteten til pølsepakkaren.

Ei slik pølse rommar fôr tilsvarande inntil 300 rundballar. Bedre Gardsdrift omtalte metoden etter Agrovisjon sist haust.

– Ein revolusjon

–Ein revolusjon for miljøet, melder NRK både på NRK Rogaland sine nettsider, og på riksdekkande radio via P1.

Bedre Gardsdrift ser veldig positivt på alle tiltak som kan gjere landbruket meir miljøvenleg, dyrevenleg eller for den del økonomisk. Difor er det viktig og rett å gi også denne maskina omtale, berre det blir gjort på rette bakgrunnen.

Dei som er intervjua har heilt korrekt framheva metoden, fordi den er eit alternativ for fleire enn dei som brukar den i dag. Problemet er når den journalistiske presentasjonen blir generalisert til at "Norske bønder kan kutte bruken av plast med 80 prosent hvis de lagrer høyet i pølser i stedet for rundballer."

Passar ikkje over alt

Den påstanden føreset at landbruket over heile landet har eigna topografi, bruksstorleik og avstand mellom teigane. Det er nok ikkje tilfelle. Kringom i landet har vi dei som treng 100 eller kanskje 300 rundballar i året. Altså mellom ei halv og ei slik pølse. Der er metoden lite eigna. Så har vi dei som har jorda fordelt på ei lang rekkje teigar, til dels med stor avstand, eller der mykje av jorda er langt unna fjøsen. Der kan kostnaden til pølseproduksjonen bli høg, i og med at du her bind opp ein stor traktor og ein mann som treng jamt påfyll av gras for å vere effektiv. Det lar seg ikkje gjere med lang køyring, eller om du ikkje kan bruke store lessevogner/tilhengarar.

Det kan elles nemnast at der også finst andre gode og velprøvde alternativ som også kan kutte plastforbruket med nær 100 prosent: Silo! Særleg tårnsilo.

Mangfald er det beste

For vår del har vi tru på at ein del bønder, særleg med stor drift, gjerne kan gå over til å legge fôret sitt i pølser. Mange bør sjå på nytt på silo, enten det er tårnsilo, plansilo eller utesilo, som eit høveleg alternativ. Og for veldig mange er det heilt rett å halde fram med rundballar, men ikkje for alle. Fleire bør prøve ut plast produsert av biologisk råstoff. Slik bioplast kunne Bedre Gardsdrift sine lesarar lære meir om i BG nr. 8 2016. Og sjølvsagt håpar vi at aprilspøken vår frå 2015, om ein bio-spray til rundballepakking, ein dag blir ein realitet...

At høy ikkje treng lufttett lagring, til skilnad frå surfôr, er også nyttig å hugse på.

Med ein pølsepakkar frå Euro Bagging får du fôr tilsvarande 330 rundballar pakka i ei 50 meter lang pølse. Du kan legge det der du vil, men grusa underlag er gunstig. Maskina går fram av seg sjølv. Ein innmatarrotor og spiralrotor tar graset frå matebordet og stappar pølsa. På operatørplattforma står ein person som styrer det heile, mens traktoren leverer kraftuttakskrefter med transmisjonen i fri. Her er også tank for 1000 liter ensileringsmiddel. Pølsa i seg sjølv treng ikkje så veldig brei lagringsplass, men under stappinga av pølsa må der vere plass til både traktoren med lessevogna og traktoren som driv pakkaren side om side, altså bør du ha tilgjengeleg eit areal på over 50 meters lengde og seks-sju meters breidde. 

Eurobagging Norge sel maskina. 

 

Relaterte artikler

    Powered by Labrador CMS