kjetting tellefsdal.jpg

No kan du legge att kjettingane heime

Så sant du ikkje bur i Nord-Norge, kan du frå denne veka køyre lovleg utan å ha med deg kjettingar i traktoren.

Publisert

No kan du legge frå deg kjettingane (som du vel neppe har hatt med deg), fram til 1. november.

Trafikkreglane seier nemleg at du er pålagt å ha med deg to kjettingar til bakhjula, minst ein kjetting til framhjula og eventuelt to kjettingar til tilhengaren, kvar einaste tur du gjer på offentleg veg i tida frå 1. november til første måndag etter påske. Vel å merke om traktoren har tillatt totalvekt over 3500 kg. I Nordland, Troms og Finnmark må kjettingane vere med heilt til 30. april.

Klart og tydeleg

Regelen er både klar og tydeleg, og står å lese i Forskrift om bruk av kjøretøy, paragraf 1-4 punkt 2, fjerde avsnitt:I kjøretøy med tillatt totalvekt over 3500 kg skal det, hvis det kan ventes kjøring på offentlig veg som er snø- eller isdekket, og i alle fall i tiden fra og med 1. november til og med mandag etter 2. påskedag, medføres kjetting som er tilpasset kjøretøyets hjul og som er slik at det alltid er kontakt mellom kjetting og vegbane. Kjettingen skal være laget av metall/stål, være egnet for føreforholdet og tåle den påkjenning den blir utsatt for ved kjøring på vinterføre. I Nordland, Troms og Finnmark er tilsvarende periode fra og med 16. oktober til og med 30. april.

Omtalt i brevet frå BG, Bondelaget og TLIF

For eit og eit kvart år sidan sende Norges Bondelag, Trakor- og landbruksmaskinimportørenes Forening og Bedre Gardsdrift eit brev der den absurde kjettingregelen er omtalt, saman med ei lang rekke andre reglar som er like lite tilpassa traktorkvardagen. Brevet gjekk til dåverande landbruksminister Trygve Slagsvold Vedum og dåverande samferdsleminister Marit Arnstad. Dei evna ikkje å få ferdig noko svar på brevet i si regjeringstid, men Vegdirektoratet lova Samferdsledepartementet eit svar før sist jul. Den fristen vart utsett, tydelegvis med mange månader. Sitjande regjering har heller ikkje gitt svar på problemstillingane som er tatt opp, trass i at både landbruksminister og politisk leiing i samferdsledepartementet er godt orienterte om brevet og dei grunnleggande problemstillingane som er tatt opp der.

BG-journalist braut lova med overlegg

Eg må innrømme at eg sjølv har gjort meg til lovbrytar mange gongar denne vinteren, seinast sist helg. Med åkersprøyte i trekkstengene, på ein av hovudvegane i Nordfjord, køyrde eg både hit og dit, på det meste meir enn ei mil frå heimen, men utan ein einaste kjetting innan rekkevidde. Med grønt lauv på trea og kvitveis i vegkanten var det lite som likna vinter og glatte vegar. Nabobønder spreidde gjødsel på grøne bøar i god vekst, også dei utan å ha med kjettingar til traktor og hengar. Likevel, kravet er absolutt, utan å skilje mellom om du berre skal til naboen og attende, eller om du har tenkt deg frå Bergen til Båtsfjord. Dei aller fleste slepp unna, men vi veit også om bønder som er blitt bøtelagde. Er UP, politiet eller Statens Vegvesen ivrige nok, kan det vere du som får bota neste gong.

Eg braut kjettingregelen med overlegg. Eg veit at den gjeld, og eg gav totalt blaffen. Fordi meiningslause trafikkreglar gir oss manglande respekt for lovverket. På same vis som manglande reaksjon frå styresmaktene minkar trua på at dei vil ta tak i sånne saker.

"
Powered by Labrador CMS