Du er her

No får du 50-lappen!

1. september skjedde det: Endringane som opna for 50-lappen vart vedtatt i førarkortforskrifta. Dermed kan alle med rett til å køyre traktor, som har førarkort tatt etter 1.1.2005 og er 18 år, utvide førarretten til også å gjelde 50 km/h-traktorar.
Av Jogeir M. Agjeld
Publisert 04.09.2014 23:00

Endeleg, 50-lappen er klar!

I korte trekk er det framlegga frå siste høyringsrunde som no har gått gjennom og blitt vedtatt. Det betyr at alle som har klasse T eller BE frå før, som har tatt lappen etter 1. januar 2005, kan melde seg opp til eit kort kurs hos ein køyreskule. Straks kurset er gjennomført, tar du turen til næraste trafikkstasjon, der du får ein ny kode på lappen din.

Det er verdt å merke seg at endringane kun gjeld dei som har tatt lappen etter 1. januar 2005. Tok du den før denne datoen, er alt som før. Det vil si at du kan køyre traktor utan begrensing på hastighet eller vekt.

For å få 50-lappen må du vere fylt 18 år. Er det to år eller meir sidan du tok klasse T, eller om du er eldre enn 18 år, vil du med klasse T som utgangspunkt sleppe noko vidare vektgrense. Har du BE, eller hatt klasse T mindre enn to år og enno ikkje fylt 21 år, er største tillatte totalvekt for traktor og tilhengar 25 tonn. 

Les du denne artikkelen frå juni, ser du korleis opplegget då var tenkt å vere. Vedtaket no samsvarer godt med det vi forventa den gongen.

Detaljar om kjem i førstkomande Bedre Gardsdrift. Men alt no er det berre å ringe køyreskulen og be dei dra i gang eit kurs, for no er alle formelle hinder borte!

Les den nye lovteksten her.

"