NLF livredde for traktor

Lastebileigarforbundet hevdar at dei har vore skremte av nye traktorar i alle fall sidan 1989. No har dei fortalt samferdsleministeren kva som plagar dei.

Publisert

Tidlegare i haust hadde Norges Lastebileierforbund (NLF) eit møte med samferdsleminister Torhild Skogsholm, der dei presenterte kva problem NLF meiner at traktorane skaper i trafikken.

NLFs fem mann la fram påstandar om store traktorar som køyrer 80 km/h med tunge lass og 16-åringar bak rattet, ulike avgifter for traktorar og lastebilar, og resten av NLFs gamle lekse om avgiftsfri diesel, periodisk kontroll og at traktorane skaper kø langs vegen.

Lastebileigarforbundet likar ikkje dagens situasjon med tanke på trafikktryggleiken. Dessutan er dei bekymra for det dei kallar konkurranseforholda. Skogsholm bad om tal på kor omfattande problemet er, kor mange ulukker slike store og tunge traktorar er involvert i, og så vidare. Det kunne ikkje lastebileigarforbundet gi sikre svar på.

Ikkje tatt standpunkt

Kjersti Bakken, rådgivar i departementet, fortel at statsråden ikkje gav nokon lovnader til NLF. Derimot spela ho ballen vidare til Vegdirektoratet.

- Statsråden har stadig besøk av ulike interesseorganisasjonar. Lastebileigarforbundet vedgjekk at landbruket kan ha andre interesser enn NLF. Difor har ikkje Skogsholm tatt standpunkt i denne saka, og vi gjer ingenting meir før Vegdirektoratet kjem med eit utspel, seier Bakken.

Må vente litt

Trafikkdirektør Bjørn Skoglund i Vegdirektoratet seier til Bedre Gardsdrift at det vil bli oppretta eit utval for å sjå på trafikkreglane for traktor. I utvalet vil både lastebilnæringa og landbruket vere representert.

- NLF sine påstandar om konkurransevridning er ikkje eit tema for dette utvalet. Vår oppgåve er å sikre trafikktryggleiken. Det vil vi gjere ved å sjå alle reglar som gjeld bruk av traktor i samanheng. Ut over det er ikkje mandatet til utvalet klart enno, men vi vil gjerne rådføre oss med eksterne fagpersonar før arbeidsplanen blir vedtatt. Utvalet vil kome i arbeid i 2003, men eg kan ikkje seie når dei skal vere ferdige, forklarer han. Skoglund kan ikkje sjå at dagens traktorar er til så stor fare i trafikken at det hastar å kome i gang. Dessutan arbeider Vegdirektoratet med andre og større saker som har høgare prioritet. Gruppa som skulle sjå på regelverket for traktor og tilhengar (sjå BG 5/02) har tatt pause alt før dei starta, for heller å la det større utvalet ta saka.

Brevet

I møtet med ministeren presenterte lastebileigarane eit brev. Der skriv dei at traktorane i stadig større grad blir nytta til godstransport langs veg. NLF held fast på at det er godstransporten som er problemet.

Brevet inneheld ei lang rekkje feil og overdrivingar: NLF ønsker ikke at trafikksikkerheten på veien uthules ved at det tillates traktorvogntog på 35 tonn eller mer, kjørt av en person på 16 år, i 80 km/t, på norske veier.

Om vi les regelverket, kan vi straks slå fast at ingen dei fem eller seks traktorane som kan køyre så fort, på nokon måte klarer større vogntogvekt enn mellom 22 og 28 tonn. Gjennom arbeidsmiljølova pliktar eigarane å gi intern opplæring av alle som skal køyre dei, og på den måten hindre uskikka personar i å køyre.

NLF hevdar at traktorane ikkje er underlagt noko vektbegrensing. Det er feil. I dag må dei fleste nyare traktorar følgje dei same reglane som lastebilane.Skal vi tru NLF, melder medlemmene stadig om traktorar som er utstyrte med svingskive. Faktisk er det heile fem traktorar som har svingskive i Noreg, og på to av desse er ikkje svingskiva i bruk.

Brevet frå lastebileigarforbundet viser ein oppsiktsvekkjande mangel på kjennskap til den norske traktormarknaden, og enda verre: Kunnskap om trafikkreglane. Vil du lese brevet, finn du det her.

Her er sanninga

- Fem eller seks traktorar (JCB Fastrac) kan køyre 80 km/h.

- Omlag 40 traktorar (JCB Fastrac) kan køyre 65 km/h.

- Kring 450 traktorar kan køyre 50 km/h. Flesteparten har landbruksarbeid som hovudoppgåve.

- Traktorane som ikkje er selt primært for bruk i landbruket, blir nytta til kombinerte oppgåver med reiskapar som ikkje kan brukast på lastebil, mellom anna som kommunetraktorar.

- Ingen av dei hurtiggåande traktorane har vore innblanda i ulukker som skuldast høg fart.

- Fem traktorar har høve til å bruke svingskive. På to av dei er ikkje svingskiva i bruk.

- Tillatt nyttelast på JCB Fastrac er normalt to til tre tonn. Maksimal vogntogvekt er mellom 22 og 28 tonn for den største modellen.

- Langs veg med fullt lass brukar JCB Fastrac kring 6 liter pr. mil, mot lastebilens 3,5 liter under elles like forhold.

- Dekkostnaden for ein traktor er langt høgare enn for ein lastebil.

- Fordi traktoren har høg eigenvekt i høve til totalvekta, får traktorvogntoget dårlegare forhold mellom totalvekt og nyttelast enn lastebilen.

- Reglar som gjeld trafikktryggleik er like for lastebilar og traktorar går over 30 km/h. Unntaket er periodisk køyretykontroll, som skal sjekke om køyretyet er i stand etter regelverket.

Her er NLFs brev til ministeren

Les Fakta om den norske traktorparken

Sjå også samlesida Traktor og trafikk

Du kan laste ned Bedre gardsdrift nr. 5/2002 her.

"
Powered by Labrador CMS