JCB Fasttrack 2170 og 3170

Nils Anton Mørk til Vågå

JCB-importør Nils Anton Mørk Maskin AS opplever gode tider, og utvidar drifta. 3. oktober opnar ei ny avdeling på Vågå. I tillegg er selskapet styrka med fleire nye medarbeidarar, og nye servicepunkt.

Publisert

Avdelinga på Vågå i Ottadalen blir eit dotterselskap av Nils Anton Mørk Maskin AS. Selskapet har overtatt Eikmaskins tidlegare lokale i bygda, og satsar på ei avdeling med eit noko anna varespekter enn på hovudbølet i Østfold.

– Her er det snakk om meir utstyr for den kalde årstida, fortel Christian Wisbech. Han er ein gammal kjenning frå bransjen, og var ansvarleg for MB-trac i Norge frå den tyske stjernetraktoren vart introdusert til produksjonen vart lagt ned i 1992. No er han tilsett som sjef for Vågå-avdelinga, og er i ferd med å gjere gudbrandsdøl av seg.

JCB og Mercedes

Mørk har også inngått avtale med Bertel O. Steen om at Vågå-avdelinga skal yte service til Mercedes Benz anleggsbilar, og i tillegg drive sal og service på Vito og Sprinter varebilar. Her skal arbeide fem mann, og avdelinga skal vere spydspissen i ei skjerpa satsing på midtre delar av fedrelandet.

Sal og service i Trøndelag

I Verdal er det inngått avtale med Ritek om service på Fastrac. Selskapet held til på området til tidlegare Rinleiret militærleir, og marknadsfører seg som ein uavhengig verkstad godkjent for alle typar køyrety, men med særleg vekt på dei tunge. Vidare er Ivar Småvollan tilsett som seljar i Trøndelag med base i Grong. Sandvollan har bak seg 15 år i Pon, som seljar for Caterpillar anleggsmaskiner. Han skal betjene området frå Nord-Trøndelag til Bodø.

Gode tider

Nils Anton Mørk Maskin AS opplever temmeleg gode tider, med 30 prosent auke i salsomsetninga første halvår i år. Dette skjer altså før den etterlengta 7000-serien, før etableringane som er omtalt over, og før introduksjonen av småmaskiner får nokon nemnande effekt.

Relaterte artikler

    Powered by Labrador CMS