Nettipset: Leikebutikk for traktorglade

Gudmestad Leker & Modeller er ein nettbutikk som hevdar å ha "Norges største utvalg i landbruk- og anleggsleker og modeller". Her er noko for einkvar smak.

Publisert

Kjente merke som Brittains, Siku og Bruder er sjølvsagt på plass, med eit breitt utval. I tillegg kjem mindre kjente merke med modellar som kanskje er enda meir detaljerte og facinerande. Dei fleste er presentert med bilete, pris og opplysningar om kor mange som finst på lager. Utvalet omfattar landbrukstraktorar og reiskap, men også anleggsmaskiner, bilar og ymse andre modellar, pluss nokre reiskapshus, slik at dei små står trygt under tak.

Så her er det berre å klikke seg fram, og du bør ikkje vere redd for å setje økonomien over styr om du kjøper ein unødig traktor eller tre her.

Hugs å lese kjøpsvilkåra før du handlar, slik at du er klar over postoppkravsgebyret. Det kan bli like dyrt som ein modelltraktor. Slik sett kan det løne seg å få med ein nabo eller kamerat på handleturen på nettet. Om du ikkje gjer unna heile julehandelen her, då, slik at det blir mange traktorar å avskrive gebyret på...

Gudmestad Leker & Modeller har adressa www.glm.no.

God surf!

Tidlegare nettips:Finsk traktorleksikon på nett Planteforsk Norsk Treteknisk institutt PCWorld.no Kornbørs Bondelaget Landbrukets brannvernkomitéLandbrukstilsynet

Powered by Labrador CMS