Du er her

Neppe bombrikke-krav for traktor

Formelt er det ikkje vedtatt enno, men alt tyder på at traktorar får unntak frå kravet om bombrikke, seier statssekretær Geir Pollestad i Samferdsledepartementet til Bedre Gardsdrift.
Av Jogeir M. Agjeld
Publisert 28.08.2013 07:15

Gunnar Eikemo i Olden hadde vanskar med å halde seg alvorleg då vi skulle ta bilete til saka om bombrikke-krav for traktor i vår. Så viser det seg, som vi trudde, at det ikkje var meininga at traktoren skulle vere omfatta av kravet.

Denne smått absurde saka har sitt utspring i at regjeringa ynskjer at alle nyttekøyrety med tillatt totalvekt over 3,5 tonn skal vere pålagt å ha autopass-brikke for å ferdast på norske vegar. Grunnen er å få bukt med alle utanlandske lastebilane som aldri betaler for seg i bomstasjonane. Ein fornuftig ide, altså. Problemet er berre at høyringsutkastet var utforma slik at også traktor ville blitt omfatta av kravet, noko verken departement eller bondelag var klar over før Bedre Gardsdrift gjorde dei merksame på det. Saka var første gongen omtalt i BG nr. 4 2013.

– Eit slikt krav for traktor vil jo ikkje ha noko meining, og bombrikke-kravet var heller ikkje tiltenkt å skulle gjelde traktor. Eg er rimeleg sikker på at vi gjer unntak for traktoren i den endelege forskrifta, seier Geir Pollestad (Sp) i samferdsledepartementet til Bedre Gardsdrift.