Du er her

Nærbø vedtatt nedlagt

No er det avgjort. Kvernelands avdeling på Nærbø blir lagt ned. Monteringa blir flytta til Tyskland, og komponentproduksjonen skal skje i lågkostland.
Av Anonym
Publisert 01.12.1999 12:00

Som gardsdrift.no meldte for ein månad sidan, ville Kvernelandleiinga legge ned på Nærbø, trass i at avdelinga no går med overskot. No er tilrådinga frå administrasjonen vedtatt av styret.

Det betyr at rundballepakkarane og Taarup Bio heretter rullar ut frå fabrikken i Gottmadingen i Tyskland. Bakgrunnen for vedtaket er å rasjonalisere produksjonsstrukturen og derigjennom øke fleksibiliteten og styrke den langsiktige inntjeningen for konsernet, heiter det i pressemeldinga frå Kverneland.

Komponentproduksjonen vil som nemnt skje i lågkostland, til dømes aust i Europa.

Det er grunn til å vere spent på kvaliteten når dei kjente produkta heretter rullar ut frå fabrikken i Tyskland. Eit av argumenta dei tilsette har brukt mot flytting, er nærleiken til ein marknad med svært tøffe krav. Få andre land i Europa har meir vekslande og tidvis vanskelege forhold under innhaustinga enn Noreg. Kring Gottmadingen ser jordbruket heilt annleis ut. Dessutan er det kjent i marknaden at deler til Taarup Bio, produsert i Gottmadingen, måtte bearbeidast på Nærbø før montering, for å sikre høg nok kvalitet.

Forutan Taarup Bio, er fabrikken på Nærbø kjent for lange tradisjonar i produksjon av rundballepakkarar. Faktisk var det her den første rundballepakkaren såg dagens lys på slutten av 80-talet. Dei siste åra er pakkarane selde under merka Taarup og Kverneland, og etter oppkjøpet av rettane til NHK-pakkarane, er også merket Vicon brukt.

Les også Kverneland legg ned på Nærbø