Du er her

Nær 70 nye eller endra prispunkt

Bedre Gardsdrifts prisliste for maskinleige og leigekøyring er den mest omfattande i landet. Vi slår oss ikkje til ro med det. I årets liste er nær 70 prisar nye eller vesentleg endra.
Av Jogeir M. Agjeld
Publisert 27.04.2012 00:35

Endringane gjer vi for at prislista skal bli enda lettare å bruke, for at det skal bli enda mindre risiko for at du tolkar den feil, eller fordi kjeldene våre på desse punkta er betre slik at vi har eit meir solid grunnlag for definere prisen enda meir presist.

Ei endring som går att er at ein del prisar er omgjort frå timepris til dagspris. Særleg gjeld dette sololeige av ymse enklare reiskap.

Ei anna endring er at vi har justert litt på nokre av kategoriane, for at det skal bli lettare for deg å finne fram. Som tidlegare har vi dessutan kryssreferansar der det kan vere til nytte, også det for at du lettare skal finne det du treng.  


Du spør, vi finn svaret

Dei nye prisane er ofte eit direkte tilsvar på spørsmål vi får gjennom året. Er der ting du saknar, lovar vi å prøve å finne svar til neste liste. Dessutan har vi prislita med oss i tankane heile tida.

Ser vi noko vi veit at vi ikkje har pris på frå før, som vi trur er av interesse, leitar vi til vi finn kjelder som kan hjelpe oss på veg. Oppdagar vi at der oppstår nye behov eller blir satsa på nye oppgåver, då sporar vi opp prisar jo før jo heller.


Kontakt oss med tips og ønske!

Har du tips til endringar, nye prisar eller andre ting, må du ikkje nøle med å ta kontakt. Bedre Gardsdrifts prisliste for maskinleige og leigekøyring er laga for deg, for at du skal ha nytte av den i kvardagen. Hugs også at dine tips vil vere til stor nytte for andre!


Ny liste i BG 3/12, gamle lister på nett

Bedre Gardsdrifts prisliste for maskinleige og leigekøyring finn du på trykk i Bedre Gardsdrift nr. 3 2012. Bladet gjekk med posten 26. april. Vil du sikre deg neste års liste, direkte i postkassen, kostar eit årsabonnement kr 520, og det bestiller du her. Vil du laste ned lista for 2012, finn du ei elektronisk utgåve av Bedre Gardsdrift her. Lista har så stor verdi at den ikkje blir gitt ut gratis før den er nærare eit år gammal. Då finn du den her inne, saman med andre eldre utgåver. Vel å merke utan dei siste oppdateringane og prisjusteringane.

"