MVA-registrering og produksjonstilskot

Grensa for MVA-registrering er sett opp til kr 50 000, men du har rett på produksjonstilskot om du har over kr 30 000 i omsetjing.

Publisert

I BG 1/04 skreiv vi at grensa for MVA-registrering ikkje ville bli sett opp frå kr 30 000 til kr 50 000 for landbruket. Der baserte vi oss diverre på feil opplysningar.

Det rette er at du må selje MVA-pliktige varer og tenester for minst 50 000 kroner for vere MVA-pliktig for rekneskapsåret 2004. Derimot vil du framleis ha rett på produksjonstilskot, om summen er over 30 000.

SLF har ikkje noko register over dei som ligg over 30 000, men under 50 000, så eg veit ikkje korleis dei vil handtere den biten, seier advokat Mari Gjølstad i bondelaget.

Er inntektene dine berre frå sau, betyr den nye grensa at du må levere opp mot 70 slakt i året for å vere MVA-pliktig. Leverer du mindre, vil alle nyinvesteringar bli 24 prosent dyrare.

Powered by Labrador CMS