Motorvakt - Ei rimeleg forsikring

Motorvakt, også kalla traktorvakt, kan berge traktormotoren frå havari når du sjølv ikkje passer på han. Men forsikringsselskapa veit knapt at slikt utstyr finst, og vil ikkje gi redusert premie om du har det montert.

Publisert

Ein klassikar frå arkivet, som stadig er aktuell.

Frå Bedre Gardsdrift 4/98. Publisert på gardsdrift.no i 1999.

Ver klar over at opplysningar, referansar til firma o.l. kan vere annleis no enn då artikkelen vart skriven. Motorvakt er eit enkelt utstyr du kan montere på traktoren din. Prisen ligg normalt ein stad mellom 3000 og 4000 kroner. Ved for høg temperatur eller for lågt oljetrykk vil det gå ein alarm, og motoren vil bli stoppa før det oppstår skade. Du kan også kople til fleire sensorar, til dømes på vatningsanlegget eller i dieseltanken. Med ei traktorvakt kan du trygt gå i frå traktoren mens han står og går. Typiske bruksområde er vatning, vedproduksjon, gjødselomrøring drift av naudstraumaggregat og taubanedrift.Enkelte store skurtreskarar og traktorar blir også leverte med motorvakt.

Ikkje premiereduksjon

Fred Nilsen i Gjensidige fortel at motorvakt ikkje er nemnt i kriteria for maskinskadeforsikringa deira, og heller aldri har vore vurdert.Nilsen vil ha dokumentasjon på om motorvakt fungerer før han kan seie noko om korleis Gjensidige kan tenkje seg å honorere dei som har montert utstyret.– Klart det kan vere naturleg å gi redusert premie eller eigendel. Men først må vi vite om dette fungerer, og deretter vurdere økonomien i det. Nilsen finn det ikkje naturleg at Gjensidige sjølv tar initiativ til at dette blir gjort.Same svaret får vi hos Storebrand. Også der etter å ha prata med- og blitt kopla vidare til eit utal personar som verken er sikre på om dei har høyrt om systemet, eller om dei vil uttale seg. At informasjonen ikkje har nådd fram, skuldast vel meir interne rutiner enn mangel på informasjon.Bedre Gardsdrift veit at bønder har stilt spørsmål om motorvakt til Gjensidige. Har ikke dette nådd fram, Nilsen?- Motorvakt har som sagt vore ukjent for oss. Det kan vere at spørsmål frå bøndene berre har stoppa nede i systemet ein plass.

Ikkje avkorting

Skulle du få motorhavari mens traktoren står i stasjonær drift, vil det vere opp til takstmannen å vurdere om bonden har vore aktlaus, men det skal ikkje spele nokon rolle kor han er mens traktoren går. - Det takstmannen skal legge vekt på, er om traktoren er tilstrekkeleg godt vedlikehalden og om han har blitt brukt på ein forsvarleg måte. Til dømes kan det bli avkorting i forsikringa om traktoren har lavt oljenivå og står så bratt at smørjinga blir dårleg, kan Fred Nilsen fortelje.

Betre enn forsikring

Etter det Bedre Gardsdrift har grunn til å tru, fungerer motorvakta så godt at du kan stole på ho. Har du ein traktor som står mykje i stasjonær drift, kan det hende at eingongsinvesteringa i motorvakt er vel så lønsam som ei maskinskadeforsikring. Då veit du i det minste kva du betaler for.

Levarandører av motorvakt

Stensland verksted AS 3280 TJODALYNG Tlf 33 12 40 44 Faks 33 12 45 25 Produserer Trygg traktorvakt. Automatisk stopp ved høg motortemperatur (sensoren utanpå blokka, kan brukast både på vass- og luftkjølt motor) eller lågt oljetrykk (kopla på original oljetrykkfølar). Tre ekstra inngangar for valfrie sensorar. «Morsesignal» fortel kva som er gale. Enkel å montere og god brukarrettleiing.Brødrene Freberg AS Stangebyvn. 1, 3140 BORGHEIM Tlf 33 38 61 80 Faks 33 38 69 82 Importerer Tecno Electra snc si motorvakt. Automatisk stopp ved høg motortemperatur, lågt oljetrykk, for lite drivstoff eller feil ved ladinga (til dømes brot av viftereim). Har ekstra inngang for trykkmålar i vatningsanlegget. To ekstra inngangar som ikkje gir stopp av motoren. Elektronisk ur for stopp kan leverast. På traktoren koplar ein seg på eksisterande sensorar, så sant desse har rette spesifikasjonane. Ulike lamper fortel kva som er gale. Dårleg brukarrettleiing.Agromiljø AS 4160 FINNØY Tlf/faks 51 71 26 90 Importerer Elcos motorvakter. Enklaste utgåve har automatisk stopp ved høg motortemperatur (ny sensor i kjølevæska), lågt oljetrykk (kopla på original sensor) eller feil ved ladinga (til dømes brot av viftereim). Har ekstra inngang for trykkmålar i vatningsanlegget. Ei lampe fortel at noko er gale. Grei brukarrettleiing. Importøren tilrår at vakta blir montert av verkstad. Meir avanserte utgåver kan har eigne varsellamper for kvar feilkjelde, automatisk start og stopp og kan ha tilkopla fleire valfrie sensorar. Mykje ekstrautstyr.Stavangerrørhandel Postboks 184 4033 FORUS Tlf 51 81 85 00 Faks 51 57 10 77Leverer motorvakt, spesifikasjoner ukjent.

Powered by Labrador CMS