Du er her

Minilastar: Betre enn fôrvogn

Rolf Steinar Bøe frå Lærdal kjøpte seg den minste modellen frå Avant Tecno. Han er godt nøgd med maskina.
Av Anonym
Publisert 01.12.1999 12:00

Minilastaren erstatta ei Herborg fôrvogn hos Rolf Steinar Bøe for eit par år sidan. Herborgvogna vart kjøpt fordi fjøsen har ein 90 graders vinkel, som andre fôrvogner ikkje klarer på grunn av plassen. Men den danske vogna vart for veik. Difor slo Rolf Steinar til på Sjølystutstillinga, og kjøpte seg den minste modellen frå Avant Tecno. Han er godt nøgd, og har ikkje hatt problem med maskina.

Til no har den berre gått med silogaffel. Skuffa som følgde med, kunne like gjerne vore trekt frå i prisen. Men eg har kjøpt pallegaffel for å køyre kassar, for eg gir kyrne både gulrøter og poteter.

Forutan silo- og rundballefôr, nyttar Rolf Steinar grønt gras sommarstid. Då er minilastaren utan alternativ, for med den kan han køyre ut av fjøsen.

Ei ulempe med styringa er at maskina vil grave seg ned på laust underlag. Andre svake punkt er at enkelte av smørjepunkta sit dumt plasserte, og at det er vanskeleg å kome til for å smørje kjeda. Rolf Steinar fortel at han merkar eksosen, men med opa dør til fôrsentralen og fjøsviftene i gang er ikkje det noko problem. Han ville gjerne hatt to gir, slik at han kunne halde høgare fart når han skal langt bortover fôrbrettet. Kyrne blir fort fortrulege med den nye fjøsarbeidaren.

Bensinforbruket ligg på fire-fem liter i veka.


Relaterte artiklar:

- Liten lastar med stort bruksområdeEin minilastar kan erstatte både trillebår og traktor, men har klare avgrensingar. Bønder som vi har prata med, er svært entusiastiske, og brukar maskina meir enn dei trudde på førehand.

- Til fôr og talleErfaringar frå Arvid Giil, Breim: Minilastaren erstatta ei Herborg fôrvogn hos Rolf Steinar Bøe for eit par år sidan. Herborgvogna vart kjøpt fordi fjøsen har ein 90 graders vinkel, som andre fôrvogner ikkje klarer på grunn av plassen. Men den danske vogna vart for veik. Difor kjøpte han seg den minste modellen frå Avant Tecno.