Du er her

Mindre skjær frå Dalen

Skjæret er 244 cm breitt og lettare enn Dalens andre modellar. Men med mange av dei same eigenskapane, og lang utstyrsliste.
Av Jogeir M. Agjeld
Publisert 25.01.2017 09:26

Dalens nyaste traktorskjær heiter 1720. Det er som sine større søsken bygd i høgfast stål og har dermed låg vekt: 300 kg. Høgda på skjærbladet er 61 cm, mens breidda altså er 244 cm. Det går akkurat opp med åtte lengder 305 mm slitestål. Glatt slitestål er standard, men du kan sjølvsagt velje tanna eller perforerte versjoar.

Skjæret vert levert med integrerte koplingar for standard trepunkt, Triangel eller HMV. Du kan også velje mekanisk eller hydraulisk sving på bom og blad. På lista over ekstrautstyr finn du høgdejusterbare støttehjul, sjokkbelastningsventil og markeringslys.