MF i tet, men elendig start på traktoråret

2017 startar skikkeleg dårleg. Berre MF og Claas startar i pluss av dei store. John Deere, A-K-merka og Fendt startar med minus.

Publisert

Ein typisk januarmånad ligg kring 310 traktorar, og det tilsvarer 8,7 prosent av dei årlege traktorregistreringane. Første månaden i 2017 er identisk med 2015, og desse to er berre forbigått av uåret 2010 i negativ retning.

Ein månad åleine er for lite til å dra dei skarpaste konklusjonane, men vi kan helle litt meir salt i såret: Registreringstala for dei siste 12 månadane er dei nest lågaste siste 10 åra, med 3015 traktorar. Så enten blir dette ganske trist, eller så kan det berre gå oppover. La oss satse på det siste.

Eik startar sterkt

2017 blir året der Eikmaskin må bevise at dei klarer å handtere tre merke. Starten ser god ut. MF er litt opp frå i fjor og ligg i tet, åtte traktorar framom John Deere. Åtte traktorar bakom der følgjer Valtra, nøyaktig på same nivå som i januar i fjor. Men Fendt går markant tilbake, meir enn halvert både frå januar i fjor og frå gjennomsnittet av alle månadane i 2016. Samla er Eik større i januar enn felleskjøpa og A-K maskiner til saman.

Store minus for John Deere

Vi såg det i september, november og desember, og no altså i januar: John Deere toppar ikkje månadsstatistikken. Ser vi berre på januar, er det verre enn som så: Når tabellen viser 44 (-59) betyr det ein svært kraftig tilbakegang. Talet ligg også langt bak gjennomsnittet for fjoråret. No trur vi JD hevar seg når 5R er på plass. For viss denne trenden held fram, kjem ikkje hjorten over 500.

Seigt for A-K

Det har gått trått for A-K maskiner dei par siste åra. Og enno har det ikkje akkurat tatt av retning oppover. Rett nok er summen av New Holland og CaseIH større enn talet nyregistrerte John Deere i januar, men det blir nesten feil å gi A-K æra for den posisjonen.

I januar er det det minus på begge fargane, men marknadsandelen viser ein liten pluss. Januar i fjor var ganske ok, og vi skal vere så rettferdige at vi nemner at begge merke ligg over den samla marknadsandelen etter 12 månader i fjor.

Claas ute av dvalen?

2016 var ikkje noko strålande Claas-år. Importørskiftet viste heller ikkje att på registreringsstatistikken på tampen av fjoråret. Claas hadde berre nokre få månader med meir enn 10 nyregistrerte. Ambisjonsnivået ligg mykje høgare, og no tar organisasjonen til å bli ferdig rigga. Så får vi sjå om nær ni prosent marknadsandel er eit nivå som vil halde seg.

Kubota doblar...

Det same som er sagt om Claas nesten seiast om Kubota: Fjoråret var ikkje mykje å skryte av, men no fell stadig fleire brikker på plass for ei sterkare satsing. Å doble seg frå tre til seks nyregistrerte gjer kan hende ikkje like stort inntrykk på alle, men kan hende er det ein liten indikator på at at pila peikar oppover.

Vil HCP klare å klatre?

2017 vert eit uvanleg interessant traktorår. På den lange lista over merke og firma å følgje nøye med på finn vi også HCP, som sikrar seg 12 nyregistreringar i januar. Deutz-Fahr går ørlite fram, mens Zetor har stusselege ein traktor, like mange som Iseki.

Powered by Labrador CMS