Du er her

MF 8690 Dyna-VT er Årets Traktor

Den gjeve tittelen Tractor of the year 2009 er ikkje uventa tildelt Massey Fergusons nye flaggskip. Pristildelinga fann stad under opninga av Eima-utstillinga i Bologna i Italia.
Av Jogeir M. Agjeld
Publisert 12.11.2008 13:20

Den raude giganten vann med god margin. I tillegg til tittelen Årets Traktor, fekk MF 8690 prisen for best design, rett nok delt med New Holland T 6080.   

Dette er andre gongen MF vinn prisen for sin største serie. Førre gong var i 2005, med MF 8480.

 

Massey Ferguson har ikkje gjort så store endringar i måten dei byggjer traktor på sidan 3000-serien vart lansert på 80-talet, og no er dei først ute med kjemisk eksosrensing på eit landbrukskøyrety. Traktoren stiller elles med splitter ny hytte med firepunktsfjøring, nytt armlene med betjening av det meste, og enda til eit system som lar deg stille inn kor mange rundar rattet skal gå før fullt svingutslag.

Då vi presenterete kandidatane til Årets Traktor i Bedre Gardsdrift, let vi importørane framheve sin kandidat med eigne ord.

Her er det Jørgen Skjelin skreiv om 8690 Dyna-VT:

"Den største og mest avanserte traktormodellen til MF. Et aggressiv design, unik førerkomfort, tekniske løsninger og ikke minst fokuset på verdens viktigste utfordring, miljø. MF setter standarden på disse områdene. Som eneste traktormerke innføres SCR eksosrensing. Dette gjør at motoren kan finjusteres slik at dieselforbruket og utslippene blir minimale. Dieselforbruk er den største kostnaden for kunden. Vi vil at våre kunder skal tjene penger på sin investering, og samtidig forurense minst mulig."

Kåringa av Årets Traktor er gjennomført av ei frittståande gruppe europeiske journalistar frå leiande landbruksblad. 20 land er med, kvar med eitt jurymedlem. Det blir gitt stemmer for slikt som motor, transmisjon, hytte, hydraulikk, elektronikk, innovasjon og pris pr. hk. Bedre Gardsdrift er norsk jurymedlem.

 Meir om kåringa i førstkomande Bedre Gardsdrift, som kjem i slutten av månaden.