Du er her

Menneskelege tragediar skaper dyretragediar

LEIAR: Dei aller fleste bønder er heilt vanlege menneske. Dei gjer ein skikkeleg jobb dag ut og dag inn. Ingen ventar at noko gale kan skje, men ein dag står du der. Orkar ikkje. Får det berre ikkje til. Alt anna kan vere i orden, men du får deg berre ikkje til å gå ut i fjøset.
Av Redaksjonen
Publisert 27.01.2016 15:00

Denne leiarartikkelen er henta frå Bedre Gardsdrift 1/2016:

I kjølvatnet av rettsaka mot mannen som let over 90 storfe svelte i hel for eit års tid sidan i Trøndelag, har mange slept laus ytringane sine på ymse nettsider. For mild straff! Han har gjort det med vitande og vilje! Naboane skulle stilt opp meir! Vi må få strengare tilsyn! Kor er Mattilsynet og dyrepolitiet? Kvifor gjorde ikkje kona og familien noko? Det er mange som tykkjer dei er i posisjon til å kaste første steinen.

Det er opp til domstolen å døme, ikkje oss. Men alle er samde om at dette er djupt tragisk, også for den tiltalte bonden. Slikt kan ikkje forsvarast, og vi har heller ikkje svaret på korleis slikt kan hindrast. Kan hende er det uråd. Nettopp fordi det er folk som steller dyra. Og menneske er menneske, på godt og vondt.

Menneske er menneske, på godt og vondt. 

Nokre veldig få mellom oss er rett og slett skapte slik at dei er utan samvit og utan eit normalt fungerande tankesett. Slike folk kan verte bønder, journalistar eller drapsmenn. Slike folk kan handsame både dyr og medmenneske på uforståeleg omsynslaust vis. Å vere vitne til slike er ikkje lett. Vi har høyrd om fortvila naboar som har opplevd at Mattilsynet har stått som tiltakslause tilskodarar til vanskjøtsel av dyr i påfallande lang tid før hardhanda blir brukt.

Dei aller fleste bønder er heilt vanlege menneske. Dei gjer ein skikkeleg jobb dag ut og dag inn. Ingen ventar at noko gale kan skje, men ein dag står du der. Orkar ikkje. Får det berre ikkje til. Alt anna kan vere i orden, men du får deg berre ikkje til å gå ut i fjøset. Ein dag er du berre så uuthaldeleg utsliten og trøytt.

Dei færraste går til legen fordi dei ikkje har hatt ork til å gå i fjøset den dagen.

Dei færraste går til legen fordi dei ikkje har hatt ork til å gå i fjøset den dagen. Har det skjedd deg, har du neppe fortalt det til ektefellen, naboen eller veterinæren. Berre lata som ingenting, og satsa på at du går som normalt neste fjøsstell. Vi har ikkje grunnlag til å seie kor mange dette gjeld, men vi trur slikt skjer mange stader kvart år. Kan hende til og med nær deg. 

Det som skjer kan forklarast medisinsk. Utbrent er ikkje den formelle diagnosa, men eit uttrykk som passar på mange i arbeidslivet. Det er meir vanleg enn du skulle tru. Ein tilstand som kan kome snikande, utan at du legg merke til det sjølv, stundom utan nokon opplagt grunn, men brått stoppar alt tvert opp. Kan hende framstår du som før for folk rundt deg, men arbeidsevna kan vere redusert til nær null. Altså er du ikkje lengre i stand til å gå i fjøset, reint medisinsk.

Kan hende framstår du som før for folk rundt deg, men arbeidsevna kan vere redusert til nær null. Altså er du ikkje lengre i stand til å gå i fjøset, reint medisinsk. Det kan skje deg. 

Det kan skje deg. Det kan skje naboen din. Pass berre på å vere bevisst, så det ikkje får verre konsekvensar. For nokon som sit på eit kontor treng det ikkje bli noko stor krise om du sit bak skjermen ei veke utan å få til å gjere nokon verdas ting. Der har du kan hende til og med ein sjef som lurer på kva som skjer. Om du ikkje går i fjøset er det langt verre. Så lov oss det: Når du merkar at du ikkje får til å gå i fjøset, køyrer du til legen. Sei det som det er. Ta imot den hjelpa som finst før det blir verre.

Les mer om Bedre Gardsdrift 1/2016 her


Bestill abonnement

Last ned enkeltsider eller -utgaver av bladet


 

Nøkkelord