Du er her

Meld inn prisar til maskinleigeprislista 2017!

Skund deg no: Bedre Gardsdrift sankar prisar til årets maskinleigeprisliste. Driv du leigekøyring, eller leiger du berre ut rundballepiggen til naboen? Send oss prisane dine!
Av Jogeir M. Agjeld
Publisert 14.02.2017 23:00

Svarfrist: 22. februar!  - men jo før jo heller...

Bedre Gardsdrifts prisliste over leigekøyring og maskinleige er unik i sitt slag. Alle tala baserer seg på innmelde prisar, og vi har eit solid kjeldegrunnlag. Men prislista blir ikkje betre enn kjeldene våre. Det er der du kjem inn: Driv du leigekøyring, eller berre leiger ut tilhengaren din til naboen nokre gongar kvart år: Vi vil vite kva pris du tar. Så puttar vi tala frå deg inn i eit gedigent rekneark, og før våren er komen over heile landet har du ei rykande fersk prisliste i neven. Der finn du både høgaste og lågast pris, og ikkje minst Bedre Gardsdrifts unike middelpris. 

Men altså, vi må ha byggesteinar til denne prislista. Så difor spør vi deg, audmjukt og høgtideleg: Vil du bidra med prisane dine?

I så fall vel du eit av desse alternativa: 

  1. Last ned Excel-arket som du finn ute til høgre. Fyll ut alt du har av aktuelle prisar der, lagre det og send det til oss. Forklaring på korleis du gjer det finn du når du opnar dokumentet. Dette er den klart mest effektive metoden for oss. Dette er enkelt å få til, så ver ikkje redd om du ikkje kan så mykje data frå før!
  2. Fyll ut skjemaet under og klikk på "send". Stort enklare kan det ikkje gjerast. 
  3. Har du ei prisliste frå før, kan du enten laste den opp nederst på denne sida, eller sende den til jogeir@askmedia.no
  4. Om du sende oss prisar i fjor og ikkje endrar desse for 2017, er det veldig fint om du melder ifrå om det. 

Same korleis du gjer det: Vi vert glade og takksame, og du veit med deg sjølv at du har bidratt til noko som er viktig for veldig mange norske bønder! Som takk for hjelpa trekkjer vi ut ein liten stabel Flaxlodd mellom dei som har bidratt. 

Om du fyller ut skjemaet under er det fint om du hugsar desse detaljane (i excel-skjemaet er det mindre behov for slik pressisering): 

  • Kor stort er utstyret (der det er relevant) - arbeidsbreidde, effekt osv
  • Gjeld prisen pr. time/dekar/ball eller anna?
  • Pressiser dersom prisen gjeld maskinleige (utan førar)
Faktaboks

Bedre Gardsdrifts maskinleigeprisliste vart etablert i 2003, og er oppdatert og vidareutvikla kvart år etter det. Dei seinare åra har lista omfatta prisar på kring 500 arbeidsoperasjonar og reiskapar, alt frå pløying, rundballepressing og brøyting til klauvskjæring og åtekalking med snøscooter. Det finst ingen andre tilsvarande detaljerte prislister for landbruk og tilgrensande arbeid.

Prislista byggjer på innmeldte prisar frå fleire hundre kjelder over heile landet, og avspeglar prisnivået i marknaden.

I tillegg til at Bedre Gardsdrifts prisliste for maskinleige og leigekøyring er svært mykje brukt av bønder over heile landet, er den også bruk ved budsjettering i søknadsprosessar, ved forsikringsoppgjer og grunnoppgjer, i rettsprosessar og til undervisning og forsking.

Lista er heilt og fullt utarbeidd av Bedre Gardsdrift, og er berre tilgjengeleg i den trykte utgåva av bladet, som dei over 17 700 abonnentane våre får direkte heim i postkassen sin. Om også du vil abonnere, klikk her!