gravemaskin colourbox.jpg

Meir anlegg og transport

Reiskap av typen gravemaskin og hjullastar er stadig meir etterspurd i landbruket. Difor har vi meir slikt i Bedre Gardsdrifts maskinleigeprisliste for 2012.

Publisert

Kvart år har vi som mål å gjere prislista vår enda litt betre. Av tiltaka i år er ei sterkare vektlegging av prisar som ikkje direkte er knytt til landbruksdrift, men som er svært aktuelle for deg som driv leigekøyring eller utleige av reiskap med grunnlag i gardsdrifta. Kort sagt har vi funne fram til mange nye kjelder på oppgåver retta mot anlegg og transport, både ved leigekøyring og ved sololeige av enkeltmaskiner og reiskapar.

Fleire dagsprisar

Mange av maskinleigeprisane i desse kategoriane har vi gjort om til å gjelde pr. dag. Dagsprisar høver betre til korleis slikt utstyr blir brukt, og det gjer det lettare for deg å samanlikne med prisar frå firma som leiger ut slikt.Vi har også utvida og skilt ut tilhengar til bil til ein eigen kategori, også her med dagsprisar. Som døme på oppgåver og utstyr du no finn i prislista vår, kan vi nemne - Grøfterensk - Anleggsgartnararbeid - Lastebil med kran - Alle vanlege typar biltilhengar i eigen kategori - Fleire typar gravemaskiner, anleggsmaskiner og tilbehør - Fleire typar straumaggregat - Fleire typar småreiskap (kjettingtalje, elektrisk kompressor osv) - Gaffeltruck Bedre Gardsdrifts maskinleigeprisliste finn du i BG 3/12, som vart postlagt 26. april. Eldre versjonar av prislista vår finn du her, saman med ymse tips og nyttige artiklar om emnet.

"
Powered by Labrador CMS