Meiningslaus vektgrense

Vegdirektoratet vil ha ei øvre fartsgrense for førarkort klasse T på 40 km/h. Saksbehandlaren hevdar at grensa vil bli justert, dersom EU endrar sin definisjon av traktor til også å omfatte dei som går i 50 km/h.

Publisert

På same tid gjer direktoratet framlegg om at førarkortet skal vere avgrensa til maksimalt 12 tonn tillatt totalvekt for traktor og reiskap. Som du ser av døma under, vil knapt nokon typisk nytraktor vere praktisk brukbar med tilhengar om dei unge håpefulle skal vere lovlydige. Bak ein traktor som MF 4370 kan du hekte på ein tilhengar med maksimal tillatt totalvekt på 2700 kg. Til Landini Legend 130 finst det ingen hengar som er liten nok til å vere lovleg.

Blir framlegget til forskrifter vedtatt, vil det mest rasjonelle vere å sende dei under 18 år ut på vegen med ein gammal traktor med toppfart 30 km/h, med ein stor hengar bak. Langt meir trafikkfarleg enn ein moderne traktor, men like lovleg.

Korleis direktoratet vil reagere når nye traktorførarar køyrer med ei vognkortlaus rundballepresse eller ei gjødselvogn, veit ingen. Alt som vert hekta i trekkroken er å rekne som tilhengarreiskap, og kjem dermed inn under det same regelverket som registreringspliktige tilhengarar.

Etter å ha blitt konfrontert med nokre av døma under, innser saksbehandlaren i Vegdirektoratet at 12-tonnsgrensa kan vere feil.

- Vi meiner at det må vere ei grense, men den treng ikkje gå ved 12 tonn. Vi har fått ein del kommentarar på at visse nye traktorar kan køyre svært fort, og ein del kan ta store lass. Vi vil unngå slike med 16-åringar bak rattet.

Tillatt totalvekt

JD 6320 Premium (74 kW/100 hk) 8200 kg Tilhengar 3800 kg

Valtra 6550 (74 kW/100 hk) 9000 kg Tilhengar 3000 kg

MF 4370 (81 kW/110 hk) 9300 kg Tilhengar 2700 kg

Landini Legend 130 (96 kW /130 hk) 11780 kg Tilhengar 220 kg

MF 148 (35 kW/48 hk) 4000 kg Tilhengar 8000 kg

Powered by Labrador CMS