Du er her

Med MF 4700 på kroken

No er alt klart for Massey Fergusons splitter nye 4700.
Av Jogeir M. Agjeld
Publisert 07.11.2016 10:58

Første helga i oktober kunne vi for første gong sjå ein komplett modell av 4700-serien produsert til norske kundar, og på Agrovisjon var den atter på plass. Siste punkt på lista over tilpassing til våre forhold var norsk trekkrok. Den er no på plass, og MF-sjef

Ole Jacob Rustad i Eikmaskin er godt nøgd med det han har å vise fram.

Ein ny krok gjer MF 4600 heilt klar for norske kundar.
Ein ny krok gjer MF 4600 heilt klar for norske kundar. 

Tilpassa norsk bruk

– Kroken har ein geometri og ei plassering så du ser den frå setet heile tida, utan at du treng nokon spegel. Og den har god bakkeklaring, med 40 cm under kroken. Det er bra i denne traktorklassen, meiner Rustad. Som elles kan melde om stor interesse for serien som tettar eit hol i MF-familien.

Tettar tomrom

Den kompakte italienskbygde 3600-serien går vidare, som minst av landbrukstraktorane. Denne finst også i smalsporutgåver. Så kjem nye 4700, i området rundt 100 hk. Traktoren fyller tomrommet etter storseljarar som 300-serien og dels også 4200/4300-seriane. 4700-traktorane som kjem til Noreg vert bygde ved Beauvais-fabrikken, og dei er nyutvikla heilt frå grunnen av. Hytta er romsleg, og vi merkar oss girkassen der du kan få kløtsjfritt vendegir.

Splitter ny girkasse

Her er seks hovudgir, for at du skal sleppe å skifte gruppegir så ofte. Det einaste som manglar, sett med norske auge, er eit heilt enkelt hurtiggir.

4700 har også ein teknisk vedlig lik storebror i den enkle 5700, som ikkje må forvekslast med den meir avanserte 5700 SL. Sistnemnde overtar etter Norgesfavoritten 5600, med litt skrått panser.

Faktaboks

Massey Ferguson fyller på med modellar nyutvikla frå botnen av i området mellom 75 og 110 hk.

4700-serien har tresylindra motorar frå 75 til 95 hk, og ein sekstrinns transmisjon med to grupper og høve for kløtsjfritt vendegir. 

5700-serien er ganske lik. Her har motoren fått ein sylinder til, og ytinga er 100 og 110 hk. Denne serien er kandidat i kategorien Best utility i Årets Traktor 2017.