Du er her

McHale med slåmaskiner...

...og ny pakkar med ring! Den irske produsenten utvidar spekteret med front- og bakmonterte slåmaskiner, og har flytta pakkeringen frå Fusion ut på ein singelpakkar.
Av Jogeir M. Agjeld
Publisert 17.09.2015 09:00

Eit nytt alternativ når du skal slå, av McHales eigen avl.

McHale er velrenommert mellom mange entreprenørar for sine solide rundballepresser, og vil no ta hand om meir av mekaniseringslina. Dei to slåmaskinene Pro Glide F3000 og R 3000 har tre meters arbeidsbreidde, og er som bokstavane indikerer for front- og bakmontering, . 


Bygd av McHale

Frontmaskina har integrert løft. Den bakmonterte maskina heng i trepunkten og har senteroppheng. I transportstilling blir den felt opp 110 grader for redusert transporthøgde. Maskinene har sju skiver og V-forma stålfingrar til stengelbehandlinga. Dei er bygde av McHale sjølv, altså ikkje noko omlakkerte produkt frå andre produsentar. 


Singel ring frå Fusion

Litt større og ganske annleis enn andre, og med større kapasitet meiner McHale. Kan hende også litt rolegare gange enn pakkarane med roterande armar.

For deg som kjenner kombipressa Fusion, er pakkeringen eit kjent særtrekk. No har McHale plukka ut ringen og montert den på eigen hjulgang, og vips så har dei ein singelpakkar ulik alle andre. Ringen står loddrett, slik at filmen blir lagt på under og over ballen. Dette betyr at pakkebordet består av to rullar, ein framom og ein bakom der filmen går. Desse to rullane har tverrsnitt som tannhjul. Heile pakkebordet sit ganske høgt. 


Kan både bære og pakke

Pakkaren er av typen in-line, altså slik at ballen blir plukka opp i køyreretninga til pressa. Til den jobben har den ei kraftig løftearm med ein krok som grip rundt ballen og posisjonerer den rett sidevegs mot eit mothald nærast det svingbare draget. Løftearmen er utstyrt med ein sensor som registrerer at ballen er på plass, så her kan heile prosessen køyrast automatisk. Løftearmen kan dessutan ta med seg ein ball mens ein annan er til pakking. McHale nemner at kapasiteten er 90 ballar pr. time om du legg på fire lag plast. Her i landet er så tynn innpakking ansett til å vere ubrukbart, og åtte lag er det normale, så du må nok rekne med litt rolegare framdrift.