Du er her

Masse i rørsle

Ser vi på rørsleenergien til eit traktorvogntog i 40, samanlikna med nesten kva som helst anna som går i 80 km/h, forstår vi enda mindre av Vegdirektoratets førarkortkrav.
Av Jogeir M. Agjeld
Publisert 01.12.1999 12:00

Skal vi vurdere kor farlege ulike køyrety er langs vegen, vil det vere naturleg å sjå på kor store krefter som er i sving. Kjell Mangerud på Blæstad har gjort det, og resultatet ser du lenger nede på sida.

- Eit traktorvogntog med 12 tonn samla totalvekt har mindre rørsleenergi enn ein personbil på 3500 kg i 80 km/h, og er omtrent lik ein varebil på 7500 kg i 50 km/h. Når vi vurderer krava til førarkort, må kreftene som er i sving vere viktig å ta omsyn til, meiner Mangerud.

At dei føreslåtte 12 tonna sjeldan lar seg utnytte, er ei anna sak. Direktoratet vil summere tillatt totalvekt for traktoren med tillatt totalvekt på tilhengaren. Problemet er berre at den tillatte totalvekta på tilhengaren fordeler seg på ei aksellast og ei vektoverføring til traktoren. Vektoverføringa stel nyttelast frå traktoren, altså summerer vi dei same tala fleire gongar.

Vi kan også nemne at du må ha lastebil- eller vogntogførarkort for å køyre skurtreskar, dersom denne kan vege over 12 tonn, eller dersom du drar med deg skjærebordet bak treskaren, og skjærebordet med vogn veg over 750 kg.

Merk deg at den nemnde 12-tonnsgrensa i tillatt totalvekt (ikkje aktuell vekt!) også gjeld utanfor veg.

Vi veit at både bondelaget og landbruksmaskinbransjen er i gang med å svare på høyringsutkastet frå Vegdirektoratet. Les Bedre Gardsdrift og gardsdrift.no, så held du deg oppdatert.