Maskinleigeprisar

Fordi mange av kjeldene våre ikkje hadde fastsett sine prisar for sesongen i tide til BG 4/06, kjem prisane først i BG 5/06. I mellomtida får du eit fyldig utdrag frå fjorårets prisliste.

Publisert

Det er ingen tvil om at den mest komplette prislista for maskinleige og leigekøyring er å finne i Bedre Gardsdrift. Ingen andre har så omfattande grunnlag som oss, og ingen andre dekkjer så mange arbeidsoperasjonar.

Tips oss! Om du leiger nokon til å utføre arbeid for deg, om du leiger enkeltreiskap, eller om du er utleigar/entreprenør, er du velkomen til å sende oss dine prisar. Alle prisar vi får tilgang til blir med i vårt svært omfattande kjeldemateriale, og vektlagt etter kor mykje akkurat denne prisen er brukt. Det betyr at prislistene til dei store maskinringane blir vektlagt meir enn prisen frå ein enkeltståande bonde, men begge prisane er viktige for å få eit korrekt bilete av kva prisar som eksisterer. Har du ein pris du kan melde inn, klikk på journalisten sitt namn lenger oppe på denne sida, eller ring 90 64 65 53.

Utdrag frå 2005-lista Det er normalt ikkje store hopp i prisane frå år til år. Difor er lista frå året før eit svært godt alternativ når vi ikkje har dei aller ferskaste prisane klare for publisering. Den komplette lista frå fjoråret finn du i BG 6/05. Der er det opplista middelpris, og høgaste og lågaste aktuelle pris for over 180 reiskapar og arbeidsoperasjonar. Dette har følgje av ein omfattande artikkel om korleis prisen bør settast, og om maskinleige elles.

Her får du einast eit lite utdrag. Vi tar med berre middelprisen, og nøyer oss med kring 70 prisar.

Vil du ha meir, bør du følgje med i postkassen om ei stund, om du abonnerer på Bedre Gardsdrift. Der kjem eit blad som er vel verd å ta vare på, med den mest omfattane leigeprislista som nokon gong er publisert i Noreg.

Powered by Labrador CMS