Du er her

Maskinbransjen set kundane i saksa

LEDER: «TLIF-styret har korkje vist vilje eller evne i å ta tak i reglar og offentlege reguleringar som berører deira kundar.»
Av Redaksjonen
Publisert 31.08.2016 05:02

Lederartikkelen er hentet fra Bedre Gardsdrift 6/2016.

Skal traktorar ha fartsskrivar? Skal tømmervogner vere registrerte? Dette er to av mange døme på spørsmål som landbruksmaskinbransjen burde tatt føre seg, i samla flokk, og mobilisert dei naudsynte ressursane for å finne løysingane. Det gjer dei ikkje. Når dei høyrer at tilfeldige enkeltkundar får køyreforbod og fleire titusen kroner i førelegg for å køyre utan skrivar, går importørane kvar for seg til ein eller annan leverandør for å få tilpassa ein skrivar til dei kundane som spør etter sånt. Då har importørane ryggen fri, men dei gir også Vegdirektoratet enda betre argument neste gong ein tilfeldig stakkar vert stogga langs vegen.

Traktorbransjen hoppar på den aller feigaste løysinga. Dei er usamde i regelverket, men seier ikkje imot. Vegdirektoratet hevdar å praktisere eit EU-regelverk som ingen i EU handhevar slik. “Det er ikkje vår skuld at EU ikkje forstår sine eigne reglar” har ein tenestemann i Vegdirektoratet sagt til Bedre Gardsdrift. Og: “Når der finst traktorar som kan leverast med skrivar, beviser det at vi har rett.”

Iveren etter å vere smartare enn konkurrentane tar livet av den kollektive fornufta og flyttar risikoen til kundane.

Det same med tømmervognene. Heller enn å ta skikkeleg tak i problemet, vrir kvar enkelt seljar seg unna. I visse delar av landet blir tømmervognene kravd registrerte. Eine importøren føre og hin etter diltar til den forundra fabrikken sin, får nokre sjeldne papir så dei kan få skilt, og trur at dei har ein konkurransefordel. Dette er ansvarsfråskriving. Beint ut skikkeleg feigt. Bransjens reaksjon legitimerer eit registreringskrav som også vil omfatte titusenvis av gjødselvogner, lessevogner, avlessarvogner og annan reiskap med høg nyttelast i høve til eigenvekta. Reiskap som bransjen har levert uregistrert til uvitande kundar. Den dagen alle desse blir kravde registerte har maskinbransjen ingen andre enn seg sjølv å takke.

I andre bransjar vert slike situasjonar møtt med juridisk kompetanse som kan stå opp mot eit alt for mektig vegdirektorat. Andre bransjar tar tak i slike saker politisk. Andre bransjar har i fellesskap tilsett folk som tar tak i slike problemstillingar.

Traktor- og maskinimportørane har også sitt eige forbund: TLIF. Sekretariatet er ein person innleigd på deltid. Norges Bilbransjeforbund har til samanlikning 18 tilsette på hovudkontoret.

TLIF-styret har korkje vist vilje eller evne i å ta tak i reglar og offentlege reguleringar som berører deira kundar. Dei har kjennskap til problemstillingane, men har som strategi å oppføre seg som ein hønseflokk: Kvar spring fortast mogeleg hit og dit om ei fare trugar – berge seg den som kan!

Bedre Gardsdrift har gong på gong oppmoda TLIF om å utvide sekretariatet sitt, tilsette nok folk med høveleg kompetanse, og bede om at TLIF tar tyngre tak i saker som dei nemnde. Det blir med høfleg nikking. For så snart maskinbransjen har fått pengane sine, er det ikkje deira problem om du får køyreforbod. Då er det du som sit i regelsaksa.

Se hva du kan lese om i Bedre Gardsdrift 6/2016 her


Bedre gardsdrift kommer ut ti ganger i året, og er Norges eneste frittstående landbruksfagblad. Vi fokuserer på teknikk, økonomi og vedlikehold, og har reportasjer fra hele landet. Årlig har vi minst 30 sider traktortester og 25 sider gardsanalyser.

Vil du bli bedre kjent med bladet?

Last ned bladet elektronisk

Eller bestill abonnement

Her får du et innblikk i hva vi skriver om


 

Nøkkelord