Du er her

Mannen med ljåen i leigeprisane

Ein skummel kar har vore på ferde i maskinleigeprislista for 2012. Heldigvis ser det ut til at dei aller fleste har oppdaga han.
Av Jogeir M. Agjeld
Publisert 01.06.2012 00:05

Heilt bevisst la vi inn noko rart i årets stor liste over prisar på maskinleige og leigekøyring, og vi inviterte deg til å finne dette rare. Det har imponerande mange gjort, og nesten alle har svart rett.  På den andre av dei sju sidene med pristabellar står nemleg Mannen med ljåen oppført i kategorien Gras og høy, under avsnittet Slåtteutstyr og beitepussing. Prisen denne dystre skapningen er oppført med, er kr 240 i middelpris, men kanskje meir avslørande: Frå kr 0 til kr 666.


VINNAREN!

Flaxlodd frå vår kjære nærbutikk blir putta i ein høveleg konvolutt og sendt til Rennebu, til Lars Brattset. Gratulerer!


Blanda erfaringar

Det ser ut til at BG-lesarane har litt av kvart slags erfaringar med denne figuren. Her er nokre av kommentarane vi fekk inn:
Bjørn: Ein god slåttekar er ikkje å forakte, men "Mannen med ljåen til 666 kr/t" trur eg at eg ikkje hadde engasjert.
Johan-Martin: Mannen med ljåen var vel i overkant dyr, men det er kanskje et engangsbeløp??
Inge: Trodde dette var en gratistjeneste?
Mia: Prisen til Mannen med Ljåen?? Den var jo helt absurd !! Han nøyer seg som regel med en kake!
Lars Even: Mannen med ljåen er en vi ser lite tel her. Skulle hatt noen sånne tel å "snørte" litt
Gunnar: Det må være Mannen med ljåen. Har sett han noen ganger, men aldri fått noen regning...skal vel være glad for det :)Lars A.: Begynte å finlese, og kom over noe interessant under gras. Selv om maksprisen var et fandens tall, så er jeg redd for at prisen for Mannen med Ljåen blir atskillig høyere enn det.


Andre svar

At lista i Bedre Gardsdrift omfattar det aller meste er ei kjent sak. Alt som står der er kanskje ikkje like kjent, så det er vel ikkje til å undrast over at vi også fekk framlegg om at feilen var til dømes dette:
- Sauevaskingsutstyr
- Åtekalking med snøscooter- Traktor eller dieseldriven kompressor med ein borhammar

Om du skulle lure: Alle desse, og alt anna i lista vår (unntatt mannen med ljåen) er reelle prisar på reelle arbeidsoperasjonar som norske bønder syslar med på ein eller annan kant av landet ein eller annan gong gjennom året. At Bedre Gardsdrift då kan hjelpe deg med ein pris du kan vise til, er vi stolte av, og vi er svært takksame for at så mange hjelper oss til å lage ei så omfattande liste.

Har du innspel om maskinleige eller leigekøyring, no eller seinare, veit du kor du tar kontakt!