Mai, du skjønne milde

Ein sjeldan god mai kompenserer for ein sjeldan svak april. Resultatet er veldig likt det vi er blitt vant til i år: JD-Valtra-MF-NH-Fendt.

Publisert

314 nyregistreringar i mai er eit fint tal. Ikkje berre for at det liknar på pi, og med det minner oss på at ting går rundt og rundt, men også fordi det er den nest beste traktormånaden sidan april 2016. Desember er sjølvsagt alltid best.

Ein grunn til årets gode mai er at april var veldig dårleg. Som kjent: Traktorar blir normalt sett ikkje handla på impuls, og enda viktigare: Frå du bestiller ein traktor til den står i tunet med skilt på, går det litt tid. Traktoren må som regel produserast etter at du har skrive kontrakten. Om ikkje planlegginga på fabrikken er heilt i takt med kva marknaden viser seg å ville kjøpe, kan det fort bli litt ketsjupopplegg. Det hender også at ferdige traktorar av nye seriar blir ståande uregistrerte mens Vegdirektoratet kontrollerer at typegodkjenninga er ok. Difor er det ingenting overraskande med at vi får svingingar frå månad til månad.

Stadig litt svakt

Sjølv om mai er bra, er resultatet til no i år ganske moderat. Og summen for dei siste 12 månadane er stadig det nest dårlegaste resultatet dei siste 10 åra. Men no ligg dei siste 12 månadane nesten likt med tilsvarande periode i 2014/2015 og 2015/2016. Som heller ikkje var tipp topp.

Resultatlista: Alt er normalt

Tar vi for oss merka, har alle på plassane ein til ni omlag same marknadsandel i mai som til no i år. Altså ingen dramatikk nokon plass. John Deere står sterkt i tet, med Valtra stødug som nummer to og Massey Ferguson på ein romsleg tredjeplass. Mellom New Hollands fjerdeplass og Fendts femteplass er det tettare, der skil det berre 17 traktorar. Skilnaden mellom dei to merka med raude felgar er 24 traktorar, før vi finn CaseIH 12 traktorar bakom Claas.

Pluss og minus

Trass denne nærast standardiserte rekkefølgja, noterer vi litt pluss og minus. Dei fleste av dei store har markant tilbakegang, i området 24 til 61 traktorar. Største tilbakegangen har John Deere (-61), følgd av Fendt (-50).

To merke går fram, begge etter å ha skifta importør: Valtra (+68) og Claas (+29).

Importørane

Eikmaskin held stand med over 44 prosent marknadsandel. Felleskjøpa har 24 prosent, mens A-K er i underkant av 15 prosent. I sum har desse tre over 83 prosent av totalmarknaden. Norweigan Agro Machinery, som importerer Claas, er ein halv gong større enn Deutz-Fahr- og Zetor-importør HCP, med høvesvis 6,2 og 4,0 prosent av marknaden. Bak der følgjer Kubota-importør Svenningsens med 2,7 prosent.

11 merke frå like mange importørar slæst om dei siste 3,3 prosentane av marknaden. Her finn vi mellom andre McCormick, som no spelar i same divisjonen som til dømes Landini, JCB og Belarus når vi snakkar registreringstal. Også Zetor er no så liten at vi snakkar om null til to nyregistrerte pr. månad på landsplan. Det er ein vanskeleg posisjon å vere i.

Traktormarknaden månad for månad

Sidan januar 2006 har Bedre Gardsrift analysert den norske traktormarknaden kvar einaste månad her på www.gardsdrift.no. Vi får kjeldematerialet frå vår gode samarbeidspartner Opplysningsrådet for vegtrafikken (OFV). Tala herifrå blir sjekka og vaska hos oss, så vi lukar ut så mykje som råd av sånt som ikkje kan reknast som nye traktorar. 

Den store oppsummeringa av traktoråret finn i papirutgåva av Bedre Gardsdrift, i nummer ein kvart år. Der tar vi for oss traktormarknaden på modellnivå, og summerer også kor populære dei ulike seriane er. Pluss at vi ser på fylke, effektklassar og litt av kvart elles. 

Bedre Gardsdrift er Norges største landbruksblad, med over 17 700 abonnentar. Jordnær og nyttig kunnskap, bygd på erfaring og innsikt. Du kan bestille eit abonnement ved å klikke her

Relaterte artikler

    Powered by Labrador CMS