Du er her

Lovleg å pigge traktordekk

Vegdirektoratet foreslår å endre reglane for vinterdekk, med skjerpa krav til tunge bilar og samstundes krav som er i samsvar med det verkelege livet for traktorar.
Av Jogeir M. Agjeld
Publisert 14.05.2014 08:30

Dette har eigentleg vore ulovleg ei stund. No skal pigg i ordinære traktordekk bli lov. Produktfoto: motorscoop.no

Fram til no har det berre vore lov å pigge godkjente vinterdekk, unntatt for motorsykkel. Dermed har alle pigga traktordekk strengt tatt vore ulovlege. No foreslår Vegdirektoratet å godta pigging av traktordekk, uavhengig av om dei er godkjente vinterdekk eller ikkje.


Vinterdekk-krav, men ikkje for traktor

Vidare skjerpar styresmaktene krava til kven som skal ha vinterdekk ved køyring på offentleg veg. Nyleg vart det kravd at motorvogn med tillatt totalvekt over 3500 kg skal ha vinterdekk frå 15. november til 31. mars. No er dette foreslått avgrensa til å gjelde bil, for å unngå at alle traktorar må ha eige sett vinterdekk. Samstundes vert kravet innskjerpa til å også gjelde tilhengar til bil, der tillatt totalvekt for hengaren er over 3500 kg.


Landbruket foreslår å oppheve kjettingkravet

I same paragraf som endringane over finn vi det mykje omtalte kjettingkravet. Bedre Gardsdrift samarbeider med TLIF og Norges Bondelag om å ta tak i ugreie trafikkreglar. Vi arbeider med eit innspel om at det blir gjort unntak frå kjettingkravet for traktor, no som denne paragrafen er oppe til revisjon. Ei slik endring vil einast oppheve kravet om at du til ei kvar tid skal ha med deg kjettingar når du køyrer traktor, eventuelt med hengar, langs veg vinterstid. Kravet om at du skal vere skodd etter forholda vil gjelde som før. For å vere skodd etter forholda kan bruk av kjetting vere eit alternativ, men det skal altså ikkje trenge å vere med på traktoren om du ikkje har bruk for dei. Framlegget vi arbeider med vil vere ei tilpassing til det som er praksis i dag, og såleis ikkje medføre anna enn at ein sovande regel blir lagt til varig kvile. Høyringsutsegna frå Norges Bondelag, TLIF og Bedre Gardsdrift vil vere klart før høyringsfristen, men den næraste tida er hovudfokuset frå næringa på noko heilt anna som har piggane ute.

"