bg-konk-maijun09

Litt lause deler

Vi kom nesten i mål med monteringa før fotografen skaut på traktoren med Canon. Men kan du hjelpe oss å fullføre delelista?

Publisert

Bedre Gardsdrifts bastard for mai-juni 2009.

Den er ikkje veldig pen, men likevel er vi faktisk godt nøgde med traktoren vår denne gongen. Delene har fem ulike opphav, stort sett av frå 80-talet eller tidlegare. Vi trur denne er litt vanskeleg, men vi blir glade om du klarer å motbevise den påstanden.

Merk av datoen 15. juni i kalendaren. Så sant det ikkje er full slått utanfor avdelingskontoret, blir det både trekning i denne konkurransen og ny bastard å prøve seg på den dagen.

Premien til ein heldig innsendar med alt rett er ei BG-lue, konstruert for å gi skugge i øvre del av fjeset på heite sommardagar, men også skikka til å berge eventuelle briller frå verste regnbygene. Vi får tru det blir passe balanse mellom dei to bruksområda framover.

Svaret legg du inn her. Lukke til!

"
Powered by Labrador CMS