Du er her

Lett eller nøtt?

Vi fekk mange svar på førre konkurranse, og alle svarte rett. Vil det skje no? Utfordringa er rett og slett å avsløre kva fire traktormerke som er bygde saman.
Av Anonym
Publisert 01.12.1999 12:00

Harald Waalen frå Østre Gausdal møtte knallhard konkurranse, men vann eit krus i siste konkurranse. Her ser du svaret på den.

I den nye konkurransen, som har frist i slutten av juni, er det atter fire traktorar som er smelta saman. Her er både nytt og gamalt. Det gamle bør vere velkjent, og det nye er grundig omtalt i Bedre Gardsdrift. Det er nok å svare kva merke det er snakk om, men sjølvsagt har du lov til å vere meir presis.

Meir informasjon får du ikkje. Derimot får du ei adresse å sende svaret til:
jogeir@vanebo.no
Hugs å sende med postadressa di. Premien er som vanleg eit BG-krus.

Lukke til!