Du er her

Leiger du (ut) gjødsellager? Vi vil ha prisen!

Utleige av gjødsellager er strengt tatt ikkje maskinleige. Men det skal med i maskinleigeprislista likevel!
Av Jogeir M. Agjeld
Publisert 16.02.2017 22:07

Bedre Gardsdrifts maskinleigeprisliste femnar vidt. Ein pris som mange har etterlyst, er pris på leige av gjødsellager. Den skal med! Så driv du med slikt, enten du leiger eller leiger ut, meld inn prisen din til oss!

I og med at dette er eit ganske nytt punkt, kan du gjerne også skrive nokre ord. Er prisen pr. kubikkmeter pr. månad, eller har du berre ein fastpris pr. sesong? I så fall er det fint om du kan notere kor stort lageret er. Vi må finne ein måte å oppgi prisen på, slik at den kan gjelde både store og små lager.

Det kan også vere nyttig å vite om lageret har lettvindt tilkomst eller om det er ein frittståande kum, eller ein gammal kjellar under ein fjøs utan drift.

Vi er interesserte i mykje rart

Sjølv om vi her spør spesifikt om gjødsellager, er vi sjølvsagt også interesserte i alle andre former for bygnings(ut)leige knytt til landbruket. Så har du prisar på lagerplass for campingvogn, utleige av gardsverkstad, leige av fjøs til okseoppdrett eller kva som helst elles: Send det til oss!

Mange vegar til paradis

Du kan svare på fleire måtar. Driv du også med anna leigekøyring, fyll gjerne ut skjemaet som ligg i ramma som heiter "Relaterte dokumenter". Der finn du gjødsellager-prisen på linje 811.

Alternativt kan du gå til denne artikkelen, der du finn ein grovinndelt tabell for leigekøyring. Så legg du inn gjødsellager-prisen i ramma for husdyrproduksjon.

Om det berre er prisen for gjødsellager du kan gi oss, kan du legge den inn i skjemaet under her. Du kan også laste opp di eiga prisliste, om du har det.

Eller du kan ta direkte kontakt: Send oss ein epost på jogeir@askmedia.no, eller ring 90 64 65 53.

Svarfrist: 22. februar! - men jo før jo heller...

Faktaboks

Bedre Gardsdrifts maskinleigeprisliste vart etablert i 2003, og er oppdatert og vidareutvikla kvart år etter det. Dei seinare åra har lista omfatta prisar på kring 500 arbeidsoperasjonar og reiskapar, alt frå pløying, rundballepressing og brøyting til klauvskjæring og åtekalking med snøscooter. Det finst ingen andre tilsvarande detaljerte prislister for landbruk og tilgrensande arbeid.

Prislista byggjer på innmeldte prisar frå fleire hundre kjelder over heile landet, og avspeglar prisnivået i marknaden.

I tillegg til at Bedre Gardsdrifts prisliste for maskinleige og leigekøyring er svært mykje brukt av bønder over heile landet, er den også bruk ved budsjettering i søknadsprosessar, ved forsikringsoppgjer og grunnoppgjer, i rettsprosessar og til undervisning og forsking.

Lista er heilt og fullt utarbeidd av Bedre Gardsdrift, og er berre tilgjengeleg i den trykte utgåva av bladet, som dei over 17 700 abonnentane våre får direkte heim i postkassen sin. Om også du vil abonnere, klikk her!