Du er her

Leigekøyringstips – tre spørsmål

Vil vêret endre prisinga? Vil utstyret bli mindre? Og kven leigekøyrer – stor eller liten? Det er tre av spørsmåla vi har stilt oss i arbeidet med maskinleigeprislista 2013.
Av Jogeir M. Agjeld
Publisert 24.04.2013 06:00

Sist veke kom Bedre Gardsdrift nr. 3 2013 ut i postkassane, med tidenes mest solide leigeprisliste frå side 81 til side 90. I arbeidet med prislista er der ymse problemstillingar vi drøftar med kjeldene våre, og gjennom året får vi mange spørsmål frå lesarane våre. Her er tre ting både vi og andre lurer på. 

Vil vêret endre prisinga?Ustabilt vêr = ustabil økonomi. Når normalt nedbørsrike vestlandsbygder midtvinters har nedbør på nivå med tørketida i Sahara, blir det dårleg med brøytepengar. Likeins er det vanskeleg å få til nok køyring sommarstid i dei delane av landet der åker og eng i lange periodar har meir til felles med rismarker. Mange vurderer difor ein større fastpris-andel vinterstid, for å sikre at der trass alt kjem inn nok pengar til faste kostnader. Vi skal ikkje bli forundra om prisane på arbeid vår, sommar og haust blir skrudde opp om det ustabile vêret held seg, for å kompensere for at vêrgudane ikkje tillet så mange kundar og arbeidstimar.

Vil utstyret bli mindre?Vi har snakka med entreprenørar som vurderer å gå over til mindre utstyr. Slik vêret har vore siste åra, er det vanskeleg å gjere ein agronomisk god jobb med diger traktor på enkle hjul og stor kombipresse. ¬ – Eg lurer på å gå over til mindre traktor, tvillinghjul og Bio-presse, seier ein kar i den normalt sett tørre Østerdalen, som i dag har kombipresse med pakkar bak.

Sjølv små traktorar kan vere etterspurde i leigekøyring. Denne er rett nok unormalt liten, og ute på BG-test, men stor nok til å få gjort gagns arbeid.

Kven leigekøyrer – stor eller liten?
Nokre av dei største og nyaste traktorane i landet går i leigekøyring. Men også min eigen vesle -92-modell med 47 hk får seg nokre timar, og den er ikkje åleine om å vere liten.
Ettersom kjeldetilfanget til prislista vår er blitt stadig betre, har vi supplert med nesten like mange reiskapar som er mindre enn grunnstammen, som vi har tatt inn større. Fordi vi ser at både dei store og små er viktige. Ein plass i landet er det han naboen som kan stille opp med fôrhaustar og vossakasse som må til for at garden er i drift, mens i nabobygda er det kan hende 20-åringen med nimeters butterfly som er berginga. Hos oss finn du prisar for både store og små.

Vil du abonnere på Bedre Gardsdrift? Då sikrar du deg framtidige blad med maskinleigeprislista, og ni andre nyttige utgåver kvart år, direkte i postkassen din. Klikk her!Vil du heller laste ned ei enkeltutgåve, kan du klikke her.

"