Du er her

Leigekøyringstips – gras og balling

I kjeldematerialet til Bedre Gardsdrifts prisliste for maskinleige og leigekøyring kan vi lese ut litt av kvart om utviklinga i landbruket. Her er litt om grasproduksjon, og nokre gode tips.
Av Jogeir M. Agjeld
Publisert 17.04.2013 17:30

Maskinleigeprislista for 2013 er ute, grundig gjennomarbeidd og dønn solid. Her finn du mellom mangt anna 52 prisar på leigekøyring knytt til handtering av gras og halm, og 26 prisar på leige av maskiner til slikt arbeid. Dette speglar at gras er største planteproduksjonen her i landet, med ei allsidig mekanisering, og det viser omfanget av kjeldematerialet vårt. Og forresten: Når vi seier "prisar" meiner vi linjer med prisar, der du har middelpris, høgaste pris og lågaste pris. Alle er manuelt vurderte for å vere representative og kvalitetssikra, noko du kan lese meir om på side 88 i BG 3/2013.

Rivande utvikling på river og store slåmaskiner

Siste fem åra har talet kjelder på torotors samlerive femdobla seg. I 2008 hadde vi for første gong butterflyslåmaskin i lista, under sterk tvil, fordi vi hadde knapt med kjelder. I år har vi kring 30 kjelder som slår seks meter eller meir pr. drag.

Kunden betaler når stein tar kniven

Ole Søraker har ei grei rutine når han køyrer i steinrike område. Før han reiser frå ein kunde, senkar han knivbrua på pressa. Knivbrot som skuldast for dårleg steinplukking blir belasta kunden. – Elles er vi for snille med prising av arbeidet utanom sjølve køyringa. Vi må også hugse å ta betalt for kontorarbeidet. Eg trur mange er redde for å miste kundar, men vi må passe på så vi bergar økonomisk sjølve også, kommenterer Søraker.

Korleis prise ballen?

Å lage ein rundball kan prisast på mange fleire måtar enn berre fastpris.

Ole Jørgen Homstvedt gjer noko interessant, som ikkje passar beint inn i skjemaet vårt. På rundballepressing køyrer han på timepris på traktor og førar, for her er kostnaden ganske så konstant, same kor mykje som kjem ut bak. Ole Jørgen køyrer variabelkammerpresse, og har ei liste med pris pr. ball, delt i halmball og surfôr, inklusive nett og plast. Prisen på ein 1,6-meters grasball er drygt 30 kroner høgare enn på ein 1,2-ball. Volumet aukar med 80 prosent, mens forbruket av plast og nett ikkje aukar tilsvarande mykje. Med slik prising blir sluttsummen meir rettvis både for han og for kunden, og kunden kan sjølv bidra til å få ned prisen pr. ball ved eksempelvis god tilrettelegging.

Kor er prislista?

Bedre Gardsdrifts maskinleigeprisliste finn du på trykk i ei av utgåvene våre på våren kvart år, og berre der. Det betyr at lista kjem i postkassen til alle våre kjære abonnentar, heilt utan noko ekstra hokus pokus, omgitt av eit blad som også elles er fyldig.

Om du ikkje er abonnent, kan du skaffe deg lista ved å laste ned bladet herifrå, mot betaling. Som du sikkert forstår, kan du ikkje få ei fersk og god prisliste for leigekøyring og maskinleige gratis.