Du er her

Leigekøyringstips – brøyting

Om få dagar har abonnentane våre Bedre Gardsdrifts prisliste for maskinleige og leigekøyring i postkassen. Her følgjer nokre tips, hint og trendar om brøyting.
Av Jogeir M. Agjeld
Publisert 10.04.2013 14:00

Prislista dekkjer åtte velfylte sider i Bedre Gardsdrift nr. 3 2013, med alt frå rundballing til kompressor med frukttresaks. Om du ikkje er av dei som kan gle deg til at bladet skal kome i postkassen, kan du tinge eit abonnement her. Men tilbake til brøytinga. Dette er av kategoriane med svært solid kjeldetilfang, men som det også er mange spørsmål rundt. Her er noko av det vi har å melde etter å ha jobba med årets prisliste:


Informer kundane – særleg dei små

For å unngå diskusjon og ugreie ved brøyting for private, har Johannes Alm kontrakt med alle, og han sender ei lita side med info før sesongen og eit nytt infoskriv når våren kjem. Der gjer han merksam på slikt som når dei kan forvente at det blir brøyta, kva dei skal gjere om det oppstår skader eller om dei har andre tilbakemeldingar, og både kontrakt og info-skriv er tydeleg på at prisen blir justert kvart år etter ein spesifisert indeks.


Brøyting pr. gong

"

Snøbrøyting er ei viktig tilleggsinntekt for svært mange.

Vi har inntrykk av at fleire ynskjer å ha betalt pr. gong når dei skal brøyte det som på fint kan kallast næringseigedomar, altså framom butikkar, kontorlokale og fabrikkar. Ein vanleg måte å gjere det på, er å anslå kor lang tid jobben tar, og ta ein pris som gir ein gjennomsnittleg god timepris. Det gir mindre heft med loggføring og notering, og både du og kunden får ein enklare kvardag. Nokre stader er det gjort forsøk med avtaler på snødjupne før brøyting og denslags, utan at det gjennomgåande har vore nokon suksess. Vårt inntrykk er at avtalene der brøyteentreprenøren sjølv ser an behovet for brøyting fungerer best


Eige eller oppdragsgivars brøyteutstyr?

Mange stader er det slik at entreprenøren sjølv held utstyr ved brøyting for private og for kommunen, mens dei som er underentreprenørar på riks- og fylkesvegar brukar strø- og brøyteutstyr frå hovudentreprenøren vederlagsfritt. Det gir sjølvsagt utslag på økonomien, men så er der også mangt anna som er annleis: Kor strenge krav som blir stilt til når arbeidet skal vere gjort, system for prising av jobben osv. Prisane i listene våre er primært frå dei som brøytar for private og for kommunar.