Leigekøyring - pressing og pakking

Døme: Slik finn du prisen på pressing og pakking, betalt pr. time.

Publisert

Du leiger pressing og pakking, og betaler pr. time. Forholda er godt tilrettelagt, og du er i eit område med god balanse mellom arbeidsoppdrag og tilbydarar av tenesta. For å sikre deg mot mugg, vil du ha åtte lag plast. Ballane har diameter ca. 120 cm.Her er det ganske enkelt å finne prisen. Frå lista vår finn vi middelpris på leigekøyring, pressing og pakking eksl. nett og plast, pr. time: kr 1150. Her varierer prisen frå 1000 til 1250.I tillegg kjem plast og nett, kr 32 pr. ball. Alle som har prisa tillegget for to ekstra lag plast, tar ti kroner pr. ball.Med andre ord er ein aktuell pris kr 1150 pr. time, og i tillegg kr 42 pr. ball for plast og nett. MVA kjem på toppen av dette.Brukar du ensileringsmiddel i tillegg, er det normalt at du betaler butikkpris for ensileringsmiddelet, enten ved å kjøpe det sjølv og ha det klart til entreprenøren kjem, eller ved at entreprenøren kjøper inn og fakturerer deg for det som går med.Kan hende skal det også vere enda ei linje på fakturaen, for transport eller frammøte. Her er det store sprik, og ingen alternativ som klart peikar seg ut. Variasjonane er store etter kor i landet du held til, og avstanden mellom kundane i det området.Les også - tilbake til artikkel om prissetting" - døme på pris på pløying - døme på pris på maskinleige

"
Powered by Labrador CMS