mf 6600 veg

Læreplanen er klar...

... og køyreskulelærarar med rett til å køyre raske traktorar kan byrje å gi opplæring straks. Det er gladmeldinga frå Vegdirektoratet, som eit svar på den svært store interessa for 50-lappen.

Publisert

Det er no godt håp for 50-lapp i lommen før hausten er omme...

Tysdag kunne Bedre Gardsdrift melde at Høgskolen i Nord-Trøndelag, som utdannar trafikkskulelærarar, neppe ville vere klar med kurset for å lære bort 50-lappen før enn kring nyttår. Samstundes har trafikkskular over heile landet hatt stor pågang frå dei åtte årskulla som til no har måtta ta CE for å lovleg køyre 50 km/h-traktorar. Dette har Vegdirektoratet merka seg. – Vi vil bidra til ein mjuk og fornuftig overgang. Difor har vi bestemt at trafikklærarar som frå før har rett til å køyre 50 km/h-traktorar får dispensasjon frå kravet om tilleggsutdanning, fram til 1. april 2015, fortel Per Gunnar Veltun til Bedre Gardsdrift. Han arbeider med føraropplæring i Vegdirektoratet, og har særleg arbeidd med saka om 50-lappen.

Læreplanen er klar

" Innhaldet i kursa for kode 141 og 148, som er det formelle namnet på 50-lappen, har vore klart lenge. Læreplanen er i stor grad uendra frå høyringsrunden, og den endelege planen kan du finne her. For å gi undervisning er det ikkje stilt særlege krav til læremateriell, så strengt tatt trengst ikkje meir enn ein lærar som har lese læreplanen og har rett til å køyre 50 km/h-traktor, for å starte undervisninga.

I teorien: Klart for kurs denne veka

Med dispensasjon for køyreskulelærarane, læreplanen på plass og høve til å bruke "sivile" traktorar, er det ingenting i vegen for å starte dei første 50-lapp-kursa alt denne veka.

Ikkje stress!

" Sjølv om læreplanen er klar og mange køyreskulelærarar no kan gå i gang med kursing av elevar, oppmodar Veltun til eit visst tolmod. – Ingen er tent med å forhaste seg. Målet med ordninga er å gjere førarane av 50 km/h-traktorar til trygge sjåførar. Her må trafikkskulane få tid på seg til å finne ein god måte å gi opplæringa på, men dispensasjonen vil bidra til at dei kan kome raskare i gang, seier han.

Hugs lovleg hengar

Til dei to timane med praktisk køyring er det kravd traktor og hengar som begge lovleg går i 50 km/h. Krava er utforma slik at det kan brukast ein heilt vanleg traktor til dei to timane køyreopplæring. Det er opp til køyreskulen å sjå til at traktor og hengar er høveleg, men eit absolutt krav er at både traktor og hengar er godkjent for 50 km/h. Om du har tilgang til utstyr som oppfyller krava, er det såleis ingenting i vegen for å stille med eigen skyss.

Særnorsk: Viser tillit

Den såkalla 50-lappen føyer seg inn i ein god særnorsk tradisjon der føraropplæringa inneheld vesentlege element av tillit til lærar og elev. Vi ser det til dømes på klasse B, der du kan få lappen før du har gått gjennom alle krava i læreplanen. For 50-lappen blir det ikkje stilt krav til avsluttande prøve, men Vegdirektoratet har tiltru til at køyreskulelæraren gjer ein så god jobb at kurset gjer nytten sin. Likeins har direktoratet tiltru til at det først og fremst er trafikkskulelærarar som har erfaring med traktorar som tar på seg kursing til klasse T og til 50-lappen.

Relaterte artikler

    Powered by Labrador CMS