Du er her

Kverneland legg ned på Nærbø

Produksjonen av rundballepakkarar og Taarup Bio blir flytta frå Jæren til Tyskland. Flyttinga skal gi Kverneland ASA større overskot, og er eit svar på næringspolitikken her i landet.
Av Anonym
Publisert 01.12.1999 12:00

Det er kva leiinga ynskjer at styret for Kverneland Group skal vedta om ein månad.

Produkta vil vere dei same, sjølv om dei blir monterte i Gottmadingen. Det som står att å sjå, er om dei tyske montørane klarer å halde same kvalitetsnivå som arbeidarane på Jæren. Dei 16 som arbeider med utvikling og produktstøtte på Nærbø flyttar kontora sine til Klepp, og vil halde fram i arbeidet.

Det ser ut til å vere politisk semje om at sentralbanksjefen har rett når han seier at det vil bli ei kraftig nedbygging av konkurranseutsett industri her heime, skriv Kverneland i ei pressemelding. Rente- og valutapolitikken har det siste året har skapt problem for eksportindustrien. Kostnadsnivået er høgare i Noreg enn i konkurrerande land. Dette fører til at vi blir svært usikre på framtida. Produkta frå Nærbø er svært konkurranseutsette, og det er uvisst om det vil vere mogeleg å skape overskot over tid.

Forventar større overskot
Fabrikken har dei seinare åra hatt både raude og svarte tal i rekneskapen. I 2000 var omsetjinga på 179 millionar, og før skatt var resultatet negativt med 5,9 millionar kroner. I 2001 var tala 147 og minus 14,7 millionar. Fjoråret var betre, med 187 millionar i omsetjing og 8,2 millionar kroner i overskot. Ved å flytte produksjonen, meiner Kverneland at resultatet vil bli 14 millionar kroner betre. I tillegg vil selskapet tene 10 millionar på å setje ut delar av produksjonen til andre, med andre ord den svært så trendy metoden "outsorcing til lavkostland". Desse tala vil først gjelde frå 2005 og utover.

Lojale tilsetteDei tilsette ved fabrikken på Nærbø fekk klar melding om å snu resultata frå minus til pluss. 2002-resultatet viser at dei har gjort som dei vart bedne om, og overskotet er større enn budsjettert. Difor føler dei seg no lurte av leiinga, som løner innsatsen med varsel om nedlegging.

Nokre av dei andre tilsette på Nærbø vil få tilbod om jobb på plogfabrikken på Klepp. Resten vil vonleg få arbeid i ny aktivitet i fabrikklokala på Nærbø. Kverneland arbeider for å få oppretta eit nytt selskap som kan gjere arbeid for industrien på Jæren, inklusive Kverneland Group, slik at lokala ikkje blir ståande tomme.

Siste stegetDette er siste steget i ei utflagging av produkta frå Nærbø. For eit år sidan vart produksjonen av potetmaskiner vedtatt flytta til Nederland, til det nyoppretta selskapet Dunor. Der er Kverneland deleigar. Til no har det vore merkeleg stille frå Dunor, og selskapet har ikkje markert seg på noko europeisk maskinutstilling. Ambisjonen var at Dunor skulle bli den tredje store aktøren på potet i Europa, i konkurranse med Grimme og Netagco.

UnderhaugFabrikken på Nærbø er ei vidareføring av gamle Underhaug, som i si tid vart kjøpt opp av Kverneland. Her vart verdas første pakkemaskin for rundballar presentert tidleg på 80-talet, og etter kvart er rundballepakkarar blitt hovudproduktet. I dag produserer Kverneland Nærbø ulike variantar av pakkarar for rundballar og store firkantballar, i tillegg til pressepakkaren Taarup Bio.

Les også
Kverneland i samarbeid om potetFøler seg lurt av ledelsen - artikkel i Stavanger Aftenblad