Du er her

Kulden knekkjer fjøs

Den uvanlege vinteren skaper problem både her i landet og i nabolanda våre: Vatn må bærast, fôret frys, tak bryt saman, fjøsstell tar uendeleg lang tid...
Av Jogeir M. Agjeld
Publisert 23.02.2010 09:40

Fortvila bønder har ringt Bedre Gardsdrift, som regel fordi dei har bygd kaldfjøs med tanke på korte, handterbare kuldeperiodar. No har det vore kaldt mykje lengre enn kalkulert, og det skaper problem på mange vis. Særleg gjødselhandteringa blir ugrei når ruka frå kua frys straks den når golvet, og når det vesle som lar seg skrape bort ikkje går ned i nedsleppet, fordi det har frose at.


Frose vatn

I lokalaviser frå heile landet kjem det rapportar om frosne rør og tomme brønnar. Alle som har prøvd, veit at det å bære vatn fort kan doble tida som går med til eit fjøsstell. Nokre plassar køyrer brannbilen vatn til tørre fjøs, andre plassar er tusenliters pallekonteinarar tatt i bruk. Det kan også vere seigt reint mentalt, når vi veit at det er ein stor jobb å få ting i orden att når frosten går.


Frose fôr

"
Høy står høgt på ønskelista til mange bønder med tele i silo og rundballar. Dei som har rundballerivar som taklar frose fôr må einast vere ekstra tolmodige, fordi rivaren brukar meir tid enn normalt. Dei som ikkje har rivar, og heller ikkje nok varme i fjøsen til at store, frosne klumpar tinar der, har eit større problem. Her er nokre tips om fôring i slikt klima.


Tak bryt saman

I nabolanda våre er det meir vanleg at fjøstak bryt saman under uvant stor snølast. Særleg gjekk det hardt føre seg sist laurdag, då dei fleste av desse hendingane skjedde:

- I svenske Småland berga buskapen då taket ramla ned.

- Tilstanden til 400 grisar var ikkje kjent då svenske media fortalde at fjøstaket ramla ned. Også dette i Småland.

- Eit hundretals storfe kunne bergast ut frå ein fjøs i Lindkøping, mens fleire grisar var fastklemde av takbjelkar og snø i Nässjö.

- Taket på eitt av anlegga til Skånemeierier ramla ned.

- Dei 700 grisane såg ut til å berge, då taket på ein grisefjøs i Linköping la seg flatt.

" - På Jylland ramla taket på ymse fjøs, mellom anna med desse dyra under: 300 grisar i Lögstör, 8000 kyllingar i Skörping, 100 storfe i Arden og eit ukjent tal storfe i FarsöEin meir fornøyeleg konsekvens av snøen i nabolanda er at frilandsgriser i Danmark stadig er på rømmen, fordi straumgjerda ikkje lenger har nokon misjon.


Ekstreme snømengder også i England

"
Til sist tar vi med vêrmeldinga for Birmingham i England for nokre få dagar sidan, berre for å vise kva dei har å slite med der borte. Det kan nemnast at denne meldinga varsla slikt eit ekstremvêr at flyplassen vart stengt:Heavy snow is expected to build up to 2cm (0.8in) to 5cm (2in) in some places.


Korleis er  det hos deg?

Opplever du problem med frosten, og kva gjer du i så fall med det?