Du er her

Krus til Akershus

Trond Erling Haugen frå Slåstad i Odalen vann nettkonkurransen i mai. Rett svar er Massey Ferguson, Fiat, Ford, John Deere og Valmet.
Av Anonym
Publisert 01.12.1999 12:00

Mange bomma på Ford, og trudde det blå panseret var Landini. Det kjem truleg av at den trufaste Forden på biletet er litt solbleika. Dei to merka er slett ikkje i slekt med kvarandre, så dermed har alle som har svart Landini fått feil.
Enkelte viser imponerande detaljkunnskap i svara dei sender inn, og oppgir omtrentleg årsmodell, serie og så vidare, berre ut frå slikt som eksosrør og luftfilter. Vi kan love fleire konkurransar som denne, så hald fram med å pugge detaljar på alt du ser av traktorar!

Under ser du kor dei ulike delene er henta frå, og korleis traktoren såg ut ferdig montert.

Gå til den nye konkurransen