Krev avgift for bortkomen traktor

Norvald Øyestad i Stryn må betale årsavgift for ein traktor han aldri har sett. Truleg vart traktoren skrota for 20 år sidan.

Publisert

Den gongen, altså for omlag ein halv mannsalder sidan, gjekk den aktuelle traktoren kast i kast nedover dei bratte bakkane hos broren til Norvald Øyestad. Etter den gongen har ikkje Norvald verken sett eller høyrd noko til traktoren.

Likevel har han, i namnet til den døde bror sin, i år fått krav om årsavgift, melder NRK Sogn og Fjordane. Som kjent sender staten no ut krav om årsavgifta sjølv, i staden for å krevje denne gjennom forsikringsselskapa.

Norvald har difor tatt kontakt med næraste trafikkontor, i den tru at kravet kunne bli sletta enkelt og greitt. Men slik arbeider ikkje trafikkontora, viser det seg. Dei sende stryningen vidare til Vegdirektoratet. Der fekk han melding om å ringe tollvesenet.

Det står saka. Øyestad har enno ikkje fått svar, og heller ikkje sett meir til traktoren.

Har du opplevd noko liknande? Ta gjerne kontakt med Bedre Gardsdrift!

Klikk på namnet oppe på sida for å sende epost, eller gå til "kontakt" for å finne postadresse, telefaksnummer eller telefonnummer.

Powered by Labrador CMS