Du er her

Kornsirklane var tull og tøys

Veit du timeprisen på utlegging av kornsirklar? Det gjer ikkje vi heller. Mange oppdaga denne bevisste feilen i årets maskinleigeprisliste i Bedre Gardsdrift. Knut Erling Frøyland får premie frå oss.
Av Jogeir M. Agjeld
Publisert 05.06.2013 19:00

Er prisen inklusive UFO? Foto: Wikimedia Commons.

Anders saknar spesifikasjon på om prisen er med eller utan UFO. Han meiner å ha erfart at ein UFO kan vere kostbar, men effektiv. Kristin tykkjer 456 kroner pr. time er passeleg, og vil gjerne lage nokre kornsirklar der ho held til langsetter ein verdsarv-fjord. Oss bekjent er kornsirklar mest utbreidd i flatare lende, men la gå! Lars er derimot meir tvilande til at du kan skrive timar på utføring av hærverk, og er såleis av dei mange som gjennomskodar årets tullepris.

Knut Erling Frøyland frå Skjoldastraumen er i alle høve trekt ut som vinnar av eit par Flaxlodd i år. Vi gratulerer!


Åtekalking er ikkje tull

Det nest mest vanlege svaret er i år som i fjor at nokre ikkje trur at åtekalking med snøscooter er ei reell oppgåve. Men det er det. Særleg mykje brukt i område der det tradisjonelt er mykje snø, som i høgareliggande dalstrøk på Vestlandet, men også andre plassar i landet. Til dømes har Franzefoss åtekalk i sitt sortiment, og dette er ein mørk kalk som trekkjer til seg varme frå sola. Andre typar er såkalla Oddakalk (temmeleg vanleg før i tida). Det vert også nytta ekologittstøv, som har ein svært avgrensa kalkverdi men god effekt på snøen.I Nynorskordboka er ei av tydingane av ordet "åte" omtalt slik:  jord eller grus som blir strødd på snøen så han skal tærast eller bråne. Åtekalking er elles aktuelt i bringebærfelt og andre produksjonar med frukt/bær, som tiltak for å forlenge vekstsesongen for grønsaker, og for å unngå isbrann på haustkorn og grasmark. Arbeidet treng ikkje utførast med snøscooter, men for dei som gjer det sånn har altså Bedre Gardsdrift prisen.


Humpetillegg er ikkje tull

Mange tvilte også på kor reelt det er med humpetillegg/utmarkstillegg, ein pris vi byrja å ta med i fjor. Dei som nyttar denne prisen gjer det for å stimulere til betre jordarbeiding, for det å slå eit humpete jorde slit meir på mann og maskin enn eit skikkeleg utført attlegg.


Her finn du prislista

Lurer du på kor denne mykje omtalte prislista for maskinleie og leiekjøring er å finne? Svaret er Bedre Gardsdrift nr. 3 2013, frå side 81 til 90. Det bladet har du fått i postkassen om du er abonnent. Om ikkje, kan du bli abonnent og sikre deg neste års liste her. Eventuelt kan du laste ned denne utgåva eller andre elektronisk herifrå. Prislista held ein slik kvalitet at vi ikkje gir den bort gratis, men lista frå 2012 er jo utgått på dato, så den kan du finne her. Der ser du også litt om kva nivå vi ligg på i omfang og detaljar på leigeprislista vår.  

"