Korleis sette pris på leigekøyring og maskinleige

Her viser vi korleis du kan bruke prislista i Bedre Gardsdrift nr 4 2007.

Publisert

Første bod er å sjekke korleis prisnivået er i ditt område. Dersom du er med i ein maskinring, tilrår vi at du brukar prislista som er utarbeidd lokalt, men gi gjerne innspel både til oss og maskinringen om du ikkje er einig i vår eller deira liste.LeigekøyringOmgrepet leigekøyring gjeld for arbeid som omfattar både førar og alt som høyrer med av maskiner for å gjere ein komplett jobb. Dette gjeld alt frå tømmerkøyring med hest og rydding av kratt med ryddesag, til komplett innhausting.MaskinleigeDette er ei universalliste, som kan brukast til alt frå å leige ein betongblandar til å sette saman prisen på eit leigekøyringsoppdrag. Her må du summere sjølv, og rekne litt meir før du finn den endelege prisen.Les innleiinga og første del av listeneDet står mykje viktig informasjon i innleiinga til prislista som vi har i BG 4/07. Dessutan står ein den generelle opplysningar, slikt som pris for frammøte eller tillegg for maskinleige utan førar, heilt først i tabellane.Er det noko du lurer på, er det også nyttig for oss om du ringjer eller sender ein epost med spørsmål. Det er takka vere innspel frå brukarane våre at vi klarer å lage betre lister år for år.Les også- tilbake til artikkelen "Kva er rette prisen?"" - døme på pris på pløying"- døme på pris på pressing og pakking - døme på pris på maskinleige

"
Powered by Labrador CMS