nivå2-sortering

Korleis finne fram

Traktoroversikten på gardsdrift.no er inndelt i tre nivå, der du kan søke, sortere og samanlikne ganske så fritt. Slik gjer du det.

Publisert

Gå til traktoroversikten her

" Går du til bildegalleriet vårt her, ser du korleis oversikten ser ut, steg for steg. " SøkPå første nivå vel du kva traktormerke du vil søke etter. Du kan velje alle, eller så mange enkeltmerke du vil.Du kan avgrense søket etter årsmodell. Nett no er berre 2008 tilgjengeleg, men fleire kjem etter kvart.Du kan også avgrense søket etter effekt (hk) og pris.

Eit slikt søk gir i utgangspunktet info om merke, modellnamn, pris og nominell effekt. I tillegg kan du velje inntil fire sett med eigenskapar i tillegg.

Liste med rangeringEtter at du klikkar "søk" på nivå ein, får du opp den informasjonen du har bede om, på alle traktorar innanfor avgrensingane du eventuelt har sett.Alle eigenskapane kan sorterast i stigande eller fallande rekkefølgje, og på mange av eigenskapane kan du plukke ut berre dei modellane som fyller visse vilkår.

Til dømes kan du få liste over alle traktorar med trinnlaus transmisjon, eller alle traktorar med minst tre kraftuttakshastigheiter og lastkjennande hydraulikk mellom 120 og 140 hk, rangert frå lågaste til høgaste pris.

Framom kvar modell er ei rute du kan krysse i. Her kan du markere inntil seks modellar som du vil sjå alle eigenskapane på.

Komplett liste På tredje nivået får du ei liste med over eigenskapar, der traktorane står side om side.

Du kan gå tilbake til førre nivå og endre utvalet av traktorar, og elles kose deg med harde fakta.

Powered by Labrador CMS