Kommentar-grill til Rikke

Ho er fersk som bonde – og som nøtteknekkar. Med kvardagsglimt, humor og kjærleik til landbruket har Rikke Hagen gledd nissane med bonus-svar kvar dag i desember. Det sikra ein premiegrill. 

Publisert

Ein gassgrill frå i-mek-folket i Felleskjøpet Agri står oppført på premielista, som heider for gode kommentarar. Men BG-nissane må innrømme det med ein gong: Det er ingen enkel jobb å handtere alle desse kommentarane, langt mindre å kåre ein vinnar.
– Vi har fått inn omlag 4500 svar på bonusspørsmålet. Det er jo overveldande, kommenterer ein representant frå BG-nissane sitt nisseråd.
– Kommentarane er nokre gongar alvorlege og viktige. Andre gongar faglege og nyttige. Mange tar oss med i kvardagen ute på gardane. Så har vi dei som er beint ut artige, enkelte har dobbel meining, og nokre er heilt passeleg langt utpå kanten. Vi er jammen heldige som får ta del i dette, den månaden i året at vi er i arbeid, seier BG-nissen.

Kåringa av vinnaren vart gjort ved at BG-nissane plukka ut ein passeleg fin flokk med flinke finalistar, og deretter trekte lodd mellom desse. Og vinnaren vart Rikke Hagen frå Skien.

Førstereis nøtteknekkar
Rikke er mellom nøtteknekkarane som har levert kommentarar i nær sagt alle dei nemnde kategoriane, og som attpå alt har vore standhaftig kvar ein einaste dag i førjulstida.
Rikke er fersk som bonde, og enda ferskare som nøtteknekkar. Ho vart tipsa om BG-nøttene av nokre kjenningar, vart med frå første dag, og ho vart hekta.
– Dette var skikkeleg moro! Eg har lært utruleg mykje av spørsmåla. Eg har faktisk sitte oppe kvar kveld i desember til over midnatt for å få med meg neste spørsmål, så har eg gått og tenkt litt gjennom dagen. No har vi som driv med sau fått tre høgdepunkt gjennom året: Lamminga, sankinga og BG-nøttene!

Rikke Hagen er forresten ikkje den einaste som er klar i det nøttene er rykande ferske. Det kjem faktisk inn like mange svar før klokka 02:00 om natta som mellom klokka 20 og 21 om kvelden.

Ville bli bonde, og er blitt det
Verken Rikke eller mannen er frå gard, men ho har hatt som mål, sidan ho var omlag to år gammal, å bli bonde. Då ho var lita, skulle ho ønske at foreldra var bønder. Draumen vart oppfylt då ho og mannen fekk kjøpt ein liten gard sommaren 2015. Garden ligg nord for Skien, på grensa til Sauherad, med kort avstand til foreldra som held til i Skien. Begge har arbeid utanom: Ho som sjukepleiar og han i på IKT-avdelinga i Vegdirektoratet.

Frå bonderomatikk til djup kjærleik
Mens ønsket om å drive gard på mange vis kan sjå ut som ein bonderomantisk draum, har no Rikke fått realitetane inn på livet, etter halvanna år som bonde.
– Eg hadde aldri trudd at det skulle verte slik. Eg ser så mykje meir ved landbruket, som eg ikkje visste at eg kom til å like! Stoltheita over å produsere mat. Så mange trivelege, dyktige og skikkelege folk, som eg er blitt kjent med.
– Så du har gått frå å vere bonderomantikkar til å ha ei skikkeleg djupne i kjærleiken til landbruket?
– Ja! Akkurat sånn er det!

Hund før sau
Før familien på fire kjøpte gard, starta dei med gjetarhund. Flokken består no av mor og to døtre, alle opptrente av Rikke sjølv. Med hundane har familien vore med på sanking hos andre bønder før dei kjøpte seg gard, og på det viset også sikra seg eit nyttig nettverk.
I fjøset står 20 spelsau. I første omgang er målet å auke opp til 50, og på sikt kan hende også satse på ammekyr. Men dei vil ta det litt med ro med opptrappinga, for å lære det dei driv med skikkeleg.

24 dagar i desember

Men no tykkjer BG-nissane det er på sin plass å overlate ordet til Rikke, som her får publisert sine samla verk:

1: Føler du deg matt, eller er du i slaget?
Jeg er i slaget! Carlsen vant VM og alt vell i fjøset, hvor værene flittig driver å fargelegger søyene i både rødt og grønt!
"Det er vel bedre med en liten hestefest på låven enn en gedigen julebukk." ;)

2: Sju slag?
Har en haug med venninner ifra byen som kommer på besøk i helga og jeg lurer på om noen har en oppskrift på økologiske eller biodynamiske, kortreist, glutenfrie, laktosefrie, lavkarbo, veganske, ikke tilsatt sukker eller nøtter og inneholder 0% fett... sandkaker...?

3: Kva ville du sakna mest om det vart borte?
Familie, venner og norsk mat!

4: Kva brukar du når du koplar stor reiskap?
Min mann... Neida jeg har triangelkobling på traktoren. En gammel snasen Fiat 540 <3

5: Kva har du lært i 2016?
At det fantes mange utrolig flotte mennesker og nye venner i bondemiljøet som jeg aldri vil være foruten ♡

6: Kor skulle du helst ha vore no?
Jeg skulle vært på den andre enden av alle gjøremåla...

7: Kva står høgast på ønskelista i år?
En diamantbelagt teslatraktor som går på regn..

8: Kva får deg i fyr og flamme?
Vel det var den gangen jeg kom hjem med nytt leketøy. Den var ikke av den største typen, men passe stor. Å sånn som den vibrerte i henda mine når jeg starta den.. WOW tenkte jeg, en helt ny motorsag, og den er bare min <3

9: Årets suksess?
Å bli tipset om BGnøttene

10: Kva produkt som ikkje finst kunne du tenkt deg?
Fettfri halalbacon..

11: Kva er din favoritt-drikk, og når?
Bonde, småbarnsmor og nattsjukepleier, her går det i iskaffe fra Tine anytime!

12: Driving home for Chistmas? Og i så tilfelle, kva køyrer du heim?
Det pleide å være bilen.. men så gikk visse makter ut og klagde på at det ikke var lov å oppholde så mange hester sammen på et så lite område...

13: Favorittreiskap?
2007-modell border collie, 4-hjulstrekk, trimma og lett senka, men litt for lett på gassen. Lavt forbruk og kommer på innkalling. Det er mer enn hva jeg kan si om traktoren...

14: Betyr fargen noko? I så fall, kva er favoritten?
Bittelitt så.. Kunne vel ha tenkt meg å lakkert den gamle traktoren rosa, og merket den med navnet "Yes Deere"

15: Kva vektlegg du i avlen?
Jeg vektla godt gemytt, god helse og fast jobb. Men han ryker ut i mars grunnet dårlig morsevne på mora hans, dog broren hans var det bra tilvekst på....

16: Er julestemninga stigande, eller er den i ferd med å senke seg?
Bare å holde seg fast mens den stiger og vente på klimaks...

17: Om du fritt kunne sette saman din heilt eigen traktor, kva eigenskapar skal den ha?
Den skulle hatt kunstig intelligens og humor, og en skånsom, automatisk sensorbasert rådyrkalv-flytter..

18: Kva er din største styrke?
Pågangsmot og drivkraft. Jeg bare er som ei lita dachshund på jakt. Utrolig sta, litt søt og du hører kjefta på ho lenge før du ser ho...

19: Kven er det fjøsnissane steller for hos deg?
Mine to små fjøsnisser steller sauene sammen meg før leggetid <3

20: Favorittpremie?
Hadde dansa naken på gårdstunet her om jeg hadde vunnet 300 meter med gjerdet eller kamerasettet fra Elotec. Kanskje jeg heller skulle ha ønska meg arbeidstøy...

21: Kva har du i ditt beredskapslager?
En flaske vin og AA batterier..

22: Ojojoj - det er snart jul! Og når nettene blir lange....
Slapp helt av, naturlig del av det å bli eldre. Tyngdekraften gjør jo sitt... Ååååh, NETTENE ja..!

23: Kva skulle du gjort om du ikkje gjer det du gjer no?
Utenkelig å gjøre noe annet enn å være bonde på en gård jeg har ønska meg siden jeg var ei lita jente

24: Julehelsing
Jeg vil gjerne ønske alle en riktig god jul, romjul og ikke minst et godt nytt år! Dette har vært utrolig moro, aldri vært så seint i seng en hel mnd på rad i påvente av neste spørsmål. Har storkost meg med kommentarene som har blitt publisert. Fått meg mange gode lattere. Og til deg som stikker av med kameraene til fjøsovervåkning: måtte du aldri få strøm på låven igjen ;D hehe Godt Nytt år!

Relaterte artikler

    Powered by Labrador CMS