Du er her

Kodar for førarrett

På grunn av dei nye førarkortforskriftene, må du passe på å få påført rett kode om du skal skifte ut lappen din. Her er kodane med forklaring.
Av Jogeir M. Agjeld
Publisert 28.01.2005 15:50

I visse fall får du påført ein kode på førarkortet. Det gjeld mellom anna om du treng eit nytt kort, og har tatt første førarkort før 01.01.05. Då blir dette utskrive med nokre kodar, som viser kva rettar eller avgrensingar du har, ut over det bokstavane viser.

Du treng ikkje å få påført koden på eksisterande førarkort, men må passe på at du får dei med om du får eit nytt sertifikat.

101Manglar opplæring i mørkekøyring

140 Førarrett for motorreiskap, ubegrensa. Ved fornying av klassane C1, C1E, D eller DE, tatt før 01.01.05

142 Traktor ubegrensa, med eller utan tilhengar . Koden du skal ha om du har førarkort klasse B eller betre frå før 01.01.05, eller tar CE etter 01.01.05

143 Traktor ubegrensa, med eller utan tilhengar med tillatt totalvekt maks 750 kg. Koden for deg som tar klasse C etter 01.01.05

144 Traktor med konstruktiv fart ikkje over 40 km/h og tillatt totalvekt ikkje over 25 000 kg, med eller utan tilhengar. Dette er koden du får om du tar BE etter 01.01.05.

145 Tohjuls moped. Gir ikkje fritak frå trafikalt grunnkurs før øvingskøyring.

146 Tohjuls moped, og tre- eller firehjuls moped på maks 150 kg (pluss evt. batteri ved el-drift)

147 Tre- eller firehjuls moped.

152 Motorreiskap med tillatt totalvekt maks 7500 kg, og motorreiskap med tillatt totalvekt over 7500 og med konstruktiv fart ikkje over 50 km/h. Om du har klasse B eller betre tatt før 01.01.05. Smart å få med seg. Gjeld m.a. slikt som traktorgravar, dumper og andre maskiner som verken er traktor eller bil.

Les meir her:

https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2004-01-19-298