Du er her

Kjøpekontrakt for brukt reiskap

Skal du kjøpe eller selge brukt landbruksreiskap - her er avtalen du treng! Med denne kan du sikre deg enkelt, kjapt og trygt, eller lage ein detaljert og grundig kjøpsavtale. Gratis!
Av Jogeir M. Agjeld
Publisert 23.10.2012 10:30

Som ein ekstra service til alle Bedre Gardsdrift sine lesarar og alle brukarane av www.gardsdrift.no, legg vi stadig ut nye, nyttige filer til nedlasting. No er det ein kontrakt for kjøp av brukt landbruksmaskin eller landbruksredskap som er klar.

Gjer det enkelt... Om du ikkje ser det heilt store behovet for å skrive lange utgreiingar, kan du klare deg med namn og kontaktinfo på seljar og kjøpar, pris og oppgjer, og ein kjapp omtale av utstyret som byter eigar. Om du vil, kan du fylle ut slike ting som at utstyret blir seld som det er, eller om der er utbetringar som skal gjerast. Gjennom ei stutt liste kan selgar svare for at det er gjort greie for alle vesentlege feil og manglar, om partane tykkjer at slik info er viktig å fylle ut.

...eller grundigVil du vere heilt på den sikre sida, er her plass til å nemne spesifikasjonar, reparasjonar, utstyr som følgjer med og alt du elles vil nemne, akkurat så detaljert som du ynskjer. Her er også plass til å fylle ut kva sanksjonar som gjeld om utstyret ikkje er i slik stand som kjøpar er førespegla.

Alt på to sider, tilpassa landbruket Med andre ord kan du sjølv gjere avtalen så enkel eller utfyllande som du ser behov for, og alt saman innanfor to overkomelege A4-sider. På den tredje sida er ei kortfatta rettleiing. Ei viktig opplysning er at denne avtalen er tilpassa bruk innan landbruket, men den kan også brukast om du handlar med privatpersonar. Dette er det viktig å avklare, for om der oppstår tvist gjeld ulike regelverk.  Sjølvsagt kan du også velje å handle utan å fylle ut nokon avtale, men då kan stikkorda her tene som ei påminning om utstyr som naturleg høyrer med i handelen, og om ting det er naturleg å avklare mellom kjøpar og seljar i alle høve.

Last ned, skriv utAlt du treng å gjere er å klikke her for å laste ned avtalen. Så skriv du den ut, og passar på at selgar og kjøpar har kvar sitt identiske eksemplar.

Hvis linken ikke fungerer, finner du avtalen i høyre spalte.

Lukke til med handelen!

"