Kasse for plast

Korleis oppbevare rundballeplasten på ein enkel måte? Harald og Bjørn Rørtveit frå Stryn har ei praktisk og svært rimeleg løysing.

Publisert

(Frå Bedre Gardsdrift 1/2002)

Like ved der rundballane blir pakka ut og lagt over i fôrutleggaren, står ein kasse for rundballeplasten. Denne er bygd over ein europall. Veggane er i vassfast kryssfiner, og kan takast av. Den eine veggen har eksenterlås (som på tilhengarlemmane). Når kassen er tom, legg Bjørn eller Harald rundballesnøre over botnen og opp til festa for snøret på utsida.Kassen rommar plast frå kring 80 ballar, om plasten blir trakka med jamne mellomrom.Når dette er blitt ei rutine, brukar vi ikkje ekstra tid på det. Tvert imot slepp vi skippertak for å rydde bort plasten. Når kassen er full, knyter vi snøra, tar av veggane, og kan køyre bort den firkanta bunten med pallegaffel. Forma gjer buntane lette å stable, og storleiken er ideell for dei som skal frakte plasten til gjenvinning, fortel Harald. Han og Bjørn har laga 10 slike kassar til andre bønder i bygda.

Powered by Labrador CMS