Jordleigeprisane 2006

Omfanget av leigejord er stadig aukande. Kva er då rett pris? Her finn du den komplette prislista, med middelpris og høgaste og lågaste pris.

Publisert

Faktisk er prisen på leigejord i gjennomsnitt omlag den same i år som for seks år sidan. I mellomtida har prisane for jord til dei fleste typar dyrking hatt eit fall, for så å stige oppatt.

Høgast pris for leigejord er naturleg nok å finne i gode jordbruksområde på Austlandet, Jæren og i Trøndelag. Lågast pris finst der det er langt mellom gardane. Det er også mange døme på at jord blir leigd ut vederlagsfritt, eller enda til at den som driv jorda kan få betalt av eigaren for å "leige" arealet. Det gjeld særleg eng og beite i område med mykje nedlegging av drifta.

Prislista er basert på tal innsamla av Statens Landbruksforvaltning. Dei sender ut førespurnad til alle kommunane i landet, og får svar frå kring halvparten av kommunane. Alle viktige landbrukskommunar er med i det omfattande talmaterialet.

Nokre forklaringar: Høgaste og lågaste pris er med for å vise kor stor variasjon det er i talmaterialet. "Dårleg jord" er jord som er dårleg grøfta eller elles i dårleg hevd. Brattlendt jord, små teigar eller tungvindte skifte på anna måte høyrer også heime i denne kategorien.

Kva som er rett pris for deg, må du sjølv og den du leiger til/frå avgjere. Prislista speglar berre kva prisar som finst i marknaden, og det finst dermed ingen fasit på kva som er rett pris.

Du finn også prislista i BG 6/06, med ein fyldigare omtale.

Sjå også dette, som tidlegare er publisert på gardsdrift.no: - Jordleige: Utfordringar, utkast til avtale, myter og fakta

Powered by Labrador CMS