John Deere i siget

Dei fire første månadane i fjor vart det registrert 262 nye John Deere-traktorar. Til no i år er talet 423. Den samla auken i traktormarknaden er opp med 225 traktorar.

Publisert

Vi kan slå fast at Felleskjøpet kan gni seg i hendene. På eit tredels år er registreringstalet halvparten av i heile fjor. Eller, om vi ser litt lenger tilbake: På fire månader er det registert like mange JD-traktorar som snittet av eit heilt år i femårsperioden 1996 til 2000.

Dei tre neste på lista er nok lenger unna måla sine. Særleg MF ligg lågare enn dei tradisjonelt har gjort. Til no i år er andelen av registrerte traktorar 12,3 prosent. Det er faktisk berre eitt prosentpoeng meir enn CaseIH.

I nedre ende av lista er Same inne, etter ein spurt med 10 registrerte traktorar på ein gong. Det er ikkje nok til å kompensere for den samla tilbakegangen for Same, Lamborghini og Hürlimann frå 29 til no i fjor til 20 til no i år. For Zetor gjeld tilsvarande tal.

JCB står enda meir stille. Den engelske hurtigtraktoren er det berre registrert ein av til no i år, mot ni for eitt år sidan.

Totalt er traktormarknaden i god framgang. I april vart det registrert nesten 100 fleire traktorar enn same månad i 2004. For heile året er det registrert 225 fleire traktorar enn på same tid i fjor.

Sjå også salstal for- januar 2005 - februar 2005- mars 2005

Powered by Labrador CMS